Mindre flyfrakt for Hofseth
SMAKSPRØVE: Roger Hofseth serverte smaksprøve på drikke tilsett produkt frå Hofseth Biocare på frukostmøtet i Næringsforeningen Ålesundregionen i dag. Selskapet arbeider for å få offentleg godkjent at produktet i drikken gir ein positiv helsemessig effekt, og ventar den første avklaringa i løpet av første halvår.
Nytt

Mindre flyfrakt for Hofseth

I fjor blei rundt 35 prosent av fiskeprodukta frå Hofseth International-systemet sendt med fly. I år blir andelen 20-25. Betre økonomi og betre for miljøet, seier Roger Hofseth.

22.01.2020
Like før jul avtalte ein stor kunde i Nord-Amerika at Hofseth International skulle lage forbrukarpakka filetprodukt i Norge, fryse dei ned og sende dei over Atlanteren med skip. Framme i butikken legg dei tilsette forbrukerpakningane til tining og legg dei ut ut disken. Omlegginga erstatta filetprodukt som før blei sende ferske og nedkjølt - men ikke frosne - med fly.
Samanlikna med å frakte fersk laks med fly blir transportkostnadane redusert til ein fjerdepart, Hofseth har kontroll på kvaliteten i heile transportkjeda og svinnet blir kraftig redusert, til nesten ingenting. Ny teknologi, med rask innfrysing til svært låge temperaturar, gjer at kvaliteten på ferskfrosne fiskeprodukt som blir tint i butikken overgår fersk fisk som ikkje blir frosen, meiner Hofseth.
Det er denne avtalen som er grunnen til at Hofseth International-sjef Roger Hofseth anslår at flyfraktandelen blir redusert til frå rundt 35 prosent ifjor til 20-25 prosent i år. Det er ei lønsam omlegging trur han.

Fordel med berekraftsatsing

- Berekraft er noko vi kan konkurrere med, ute i den store verda, sa Hofseth på frukostseminaret til Næringsforeingen Ålesundregionen i dag. Arrangementet hadde berekraft som tema og samla omlag 50 deltakarar.
Hofseth International-systemet omfattar både oppdrettselskap, slakteri, fiskeforedlingsbedrifter og Hofseth Biocare , som vidarefordelar avskjær og anna restråstoff frå oppdrettsfisken. I fjor hadde selskapa ei samla driftsinntekt på omlag 4,2 milliardar kroner.
Selskapet er ein av dei større norske oppdrettsaktørane den Nord-Amerikanske forbrukarmarknaden.

Kan bli meir

I første omgang er avtalen med kunden i Nord-Amerika eittårig.
Blir det den suksessen Hofseth håpar på reknar han med at andre vil kome etter og at salet av produkt som er frosne i fabrikken og tint i butikken vil auke, med blant anna mindre flyfrakt som konsekvens.
For nokre år sidan spådde Hofseth at de skulle bli direkte flyfrakt med fersk fisk frå Vigra. Det var ei feilvurdering, vedgjekk han på frukostmøtet.

Publisert: 22.01.2020 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51