Millionutbytte til smaakraft eigarar
GEVINST: Trond Ryslett er primus motor for fem småkraftverk i Austefjorden/Bjørke-området. Investeringane dei over 30 eigarane gjorde på 90- og 2000-talet har gitt millionutbytte, men i år blir det eit unntaksår. - Dette året er det berre å sette ein strek over og byrje på nytt neste år, seier Ryslett. Biletet er frå Vågen kraftverk.
Nytt

Millionutbytte til småkraft-eigarar

Nesten 50 millionar kroner i utbytte har eigarane av seks små kraftverk i Austefjorden/Bjørke-området i Volda tatt ut sidan starten.

31.05.2020
Historia til seks kraftverk i Austefjorden/Bjørke-området skil seg mykje frå småkraftverk i Stranda, Sykkylven og Eidsdal.
Medan det samla utbyttet frå Vågen Kraftverk, Sundal Kraftverk, Skjåstad Kraftverk, Kviven Kraft, Heidelva Kraftverk og Høydal Kraft sidan starten er på 48,76 millionar kroner, er det berre Brunstad Kraft som har delt ut utbytte av kraftverka i Stranda, Sykkylven og Eidsdal.

Brunstad-eigarane har fått utbytte ein gong. Det var på 400.000 kroner.

Ikkje valutalån

Fire av dei fem omtalte selskapa i Stranda, Sykkylven og Eidsdal tok opp valutalån for å finansiere kraftverka, lån som har tynga i reknskapa på grunn av ugunstig kursutvikling.
Blant dei som lånte i valuta var Tryggestad Kraft, som 15. mai blei seld til finske Suomen Voima 15. april.

Dei seks kraftverka i Austefjorden/Bjørke, med til saman over 30 eigarar, tok ikkje risikoen på å låne i utanlandsk valuta.
- Vi hadde så lite eigenkapital at vi ikkje hadde reservar for å trå til med om vi måtte. Temaet vart diskutert og konklusjonen var at vi ikkje hadde nok ressursar å stille opp med om det slo feil, seier Trond Ryslett. Han er eigar av Heidelva Kraftverk, medeigar i tre andre og dagleg leiar/styreleiar i fem av selskapa. Med unntak av Høydal Kraftverk er selskap organisert i ei samarbeidsgruppa Elvekraftverk.

Enkelt og godt

Første kraftverket, Heidelva kraftverk, rett ved garden der han bur, prosjekterte Ryslett sjølv.
Ingeniør Hermod Seim, som hoppa av Sogn og Fjordane Energi og byrja for seg sjølv, prosjekterte nye anlegg på same måten, seier Ryslett.
Seim blei med vidare, til det siste kraftverket blei bygd i 2007.
- Han byggjer enkle løysingar, god kvalitet, basert på stadlege ressursar, seier Ryslett.
Mindre entreprenørfirma har fått sjølve byggejobben, basert på fastprisavtalar. Det både har gitt kontroll og halde kostnadane nede. Det siste er viktig.
- Eit slikt anlegg må gå i pluss frå første dag, seier Ryslett.

Null i år

I år er det ingen av kraftverka i tabellen som deler ut utbytte til eigarane. Kraftprisen er for låg - Tussa spår en pris "tidvis nær null" i sin siste marknadsrapport - og uvissa om marknad for stor. (På mobil finn du tabellen nederst på sida)
- Dette året er det berre å sette ein strek over og byrje på nytt neste år, seier Ryslett.
Han fryktar ikkje 2020 skal sette kraftverka i knipe.
- Vi tåler to-tre år slike år på rappen før vi må springe til banken, seier han.
Skinvik Kraftverk er det sjuande kraftrverket i Austefjord/Bjørke-området i Volda. 2019-reknskapen er ikkje tilgjengleg i Brønnøysund-registeret. Selskapet til og med 2018-reknskapen aldri betalt ut utbytte. Det hadde 1,7 millionar kroner i driftsinntekter i 2018, eit resultat før skatt på 0,4 millionar kroner og ein bokført eigenkapital på 0,6 millionar kroner.
Eit slikt anlegg må gå i pluss frå første dag

Publisert: 31.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:39