Millionutbytte paa cruisekai
GOD BUTIKK: Seawalk Geiranger-eigarane har fått betre og betre lønsemd for kvart år sidane den flytande cruisekaia kom på plass i 2013.
Nytt

Millionutbytte på cruisekai

Aksjonærane i Seawalk Geiranger traff blink med cruisekai-satsinga si.

13.03.2019
Etter 2018 foreslår styret i selskapet 2,7 millionar kroner i utbytte. Etter 2017 var utbyttet 2,5 millionar.
- Når vi har kome opp i fart er det ei vedunderleg forretning, seier Arthur Kordt i selskapet Seawalk, som står bak ideen om dei flytande samanleggbare cruiseskipskaiene.
Skipa betalar for å bruke kaiene. I fjor nådde Seawalk Geiranger åtte millionar kroner i driftsinntekter og sat att med eit overskot før skatt på 4,6 millionar kroner.

Treg start

Seawalk Geiranger as blei etablert i 2013. Ved inngangen til 2014-sesongen hadde 30 cruiseskip tinga plass ved kaia. Det var halvparten så mange som selskapet måtte ha for å drive i balansen, .
2014 enda og med eit lite underskot, men etterpå har overskotet berre blitt større og større (sjå tabell).

Kordt og lokale eigarar

Bergensaren Arthur Kordt er sentral i cruisebransjen. Gjennom selskapet Armada eig han 40 prosent i Travel Invest-konsernet, som hadde 732 millionar kroner i driftsinntekter og 10,5 millionar kroner i overskot før skatt i 2017.
Under Travel Invest-paralyen ligg mellom anna Geiranger Cruise Handling, som eig 25,9 prosent av aksjane i Seawalk Geiranger.
Seawalk as, der Arthur Kordt eig 50 prosent og er dagleg leiar, eig 24,2 prosent av aksjane i Seawalk Geiranger. Kordt eig og 1,8 prosent i Seawalk Geiranger direkte, gjennom selskapet Armada.
Storparten av dei andre aksjonærane har adresse på Nordvestlandet. Blant dei største Leif Arne Langøys investeringsselskap Lapas (11 prosent), souvernikonsernet Vinjenaustet (11 prosent), Geiranger Skysslag (5,5 prosent), Hotel Union Geiranger (3,7 prosent) og Geiranger Fjordservice (2,6 prosent).

Satsar på Nordfjordeid

Seawalk er og medeigar i Seawalk Nordfjord, som tek i mot sine første cruiseturistar i vår.

Seawalk eig 33,5 prosent av aksjane i Seawalk Nordfjord, John Olav Lefdals selskap Lefdal Invest eig 42,5 prosent og Eid kommune 24 prosent.
Anlegget på Nordfjordeid låg tidlegare i Skjolden, men vart kjøpt tilbake frå eigaren og flytte til Nordfjordeid.

Bygd hos Vard

I tillegg til kaiene på Nordfjordeid og i Geiranger har Seawalk fått bygd og seld tre andre anlegg, til Jamaica, Lakselv i Finnmark og Stockholm.
Vard har bygd alle fem anlegga. Anlegget som er på Jamaica er bygd i Brasil, dei andre i Romania og Noreg.
- Dette er noko alle verfta våre er i stand til å bygge, seier kommunikasjonssjef Hege Akselvoll i Vard.
Kordt marknadsfører Seawalk-ideen mellom anna som eit middel til å få ned utslepp frå skyssbåtar som fraktar passasjerar mellom cruiseskip og land, og håpar å kunne levere ei rekkje slik anlegg framover, mellom anna i Middelhavet.
Når vi har kome opp i fart er det ei vedunderleg forretning

Publisert: 13.03.2019 06:00

Sist oppdatert: 08.10.2021 14:52