Millioninvesteringer i omega 3
NY OPPTUR: Året etter at statsminister Erna Solberg besøkte Epax-anlegget i Ålesund i 2014 (biletet) blei bemanninga redusert. No er det ny opptur og investeringar i bedriftene som lagar omega 3-produkt. Epak er blant dei som investerere i auka kapasitet.
Nytt

Millioninvesteringer i omega 3

Epax utvidar kapasiteten i Ålesund for 320 millionar kroner, Marine Ingredients i Brattvåg byggjer ut for 80 millionar og Pharma Marine i Søvika investerer for over titals millionar i år, og skal investere omlag like mykje neste år.

18.11.2019
Ein omega 3-industri på frammarsj er ein del av utgangspunktet når klyngeorganisasjonen NCE Blue Legasea samlar den marine ingrediensindustrien til konferanse på Gardermoen onsdag 20. november.
Konferansen blir arrangert saman med Fiskeri- og Havbruknæringens Forskningsfinansiering og bransjeorganisasjonen Sjømat Norge. I fjor samla ein tilsvarande konferanse i Ålesund 150 deltakarar.

Etter 20 års samanhengande vekst butta det i mot for produsentane av omega 3 tidleg på 2010-talet, men det siste åra har marknaden tatt seg opp, seier dagleg leiar og storaksjonær Leif Kjetil Gjendemsjø i Pharma Marine.

Over 13 milliardar

Den ferskaste analysen over storleiken på industrien som lagar og/eller vidareforedlar fiskeolje, -mjøl og - og kalsium frå marint råstoff er laga av forskingsinstitusjonen Norfima, basert på reknskap for 2016 og 2017.
Konklusjonen i analysen er at det er snakk om ein bransje som hadde tilsaman 13,3 milliardar kroner i driftsinntekter i 2017. Resultata sprikar, men 75 prosent av bedriftene hadde god eller svært god lønsemd.

Bransjen videreforedlar både avskjær og anna restråstoff frå fiskeri- og oppdrett, i tillegg til å utnytte artar som ikkje blir brukt til menneskeføde, og baserer seg både på norsk og importert råstoff.

Tyngdepunkt på Nordvestlandet

Epax, Marine Ingredients og Pharma Marine er berre tre av fleire bedrifter på Nordvestlandet som baserer seg på å vidareforedle avskjær, restråstoff og marine artar som ikkje blir brukt til menneskeføde.
Dei utgjer eit tyngdepunkt i denne industrien og det er bakgrunnen for at klyngeorganisasjonen Blue Legasea er plassert i Ålesund.
Produkta frå industrien femner frå fôr- og fôringeridiensa, til helsekostprodukt og medisinske produkt. På det siste området er kome lengst. Selskapet har fått medlemskap i Legemiddelindustrien og har ein prosess i gang for å få godkjent eit produkt basert på silderogn som legemiddel for behandling av hudsjukdomen psoriasis.
Omega 3-produkt er framleis viktigast for denne industrien, men dei siste åra er det satsa på nye produkt, mellom anna basert på protein.

400 tilsette

Ein analyse som Sparebanken Møre la fram i april 2018 viste at industrien i Møre og Romsdal som vidareforedlar avskjær og restråstoff frå fiskeri- og oppdrett har over 400 tilsette og 1,8 milliardar i kroner i driftsinntekter.

Dei siste tre åra analysen dekte viste at driftsinntektene varierer mellom 1,7 og 1,8 milliardar kroner og resultatmarginen mellom fire og ti prosent. Resultatmarginen er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene.

Publisert: 18.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44