Millionar til Havyard eigarane
PENGESTRAUM: Konsernsjef Geir Johan Bakke (med bjelle) skal sende mange millionar i ekstraordinært utbytte til eigarane i Havyard Group.
Nytt

Millionar til Havyard-eigarane

Havyard lova ekstraordinært utbytte i samband med børsnotering. No kjem pengane. Les kor mykje.

29.09.2014
Til saman 60 millionar kroner blir sendt frå selskapet til eigarane 8. oktober.
- Dette er det største ekstraordinære utbyttet vi har betalt ut, seier kommunikasjonsdirektør Gunnar Larsen i Havyard Group.

Utbytet er på 2,68 kroner pr. aksje, og vart vedteke på ei ekstraordinær generalforsamling i Havyard Group i dag, måndag 29. september.
Sævikfamiliens Holdingselskap Havila Holding eig 63,5 prosent av aksjane i Havyard Group, og får dermed 38,1 millionar kroner utbetalt.

Lånte til utbyte

Havyard Group lånte i sommar 100 millionar kroner i obligasjonsmarknaden, mellom anna for å skaffe midlar til å betale utbytte til eigarane.

I ei børsmelding frå selskapet i samband med obligasjonslånet vart det opplyst at føremålet med lånet var "å optimalisere selskapet sin kapitalstruktur".
Nettoprovenyet kunne bli brukt til generelle selskapsformål, herunder til utbyte til aksjonærar, heitte det i meldinga.

Fallande kurs

Nedsalet i forkant av børsintroduksjonen i sommar skjedde til 33,50 kroner aksjen, noko som verdsette det Herøy-baserte selskapet til 754 millionar kroner.
Opphavleg vona eigarane på ei verdsetjing på over ein milliard kroner i samband med børsnoteringa.
Aksjen har hatt eit lite verdifall sidan starten. No ligg kursen rett under 32 kroner pr. aksje, som verdset heile selskapet til 708 millionar kroner .
Dette er det største ekstraordinære utbyttet vi har betalt ut

Publisert: 29.09.2014 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38