Millionar tapt paa hyttesatsing
STØRRE TAP: Mørelaft har tapt meir pengar enn selskapet tolte på store utbyggingar på Fjellsetra og på Bjorli.
Nytt

Millionar tapt på hyttesatsing

I sommar skaut fleire investorar frå Ekornesfamilien nye pengar inn i hytteleverandøren Mørelaft. No er pengane tapt.

Administrator
21.11.2019
Større tap enn venta på store hytteutbyggingar på Fjellsetra og Bjorli er grunnen til at det er meldt oppbod i hytteleverandøren Mørelaft, i følgje styreleiar og medinvestor Karl Ekornes.
-Det viser seg at når alle tal er til stades at det er underliggande tap i pågåande prosjekt som gjer det vanskeleg å drive vidare, seier Ekornes til NETT NO.
I sommar skaut han og andre inn til saman 3,5 millionar kroner i ny eigenkapital i selskapet. Samstundes gjorde leverandørar om krav på til saman 2,9 millionar kroner om til eigenkapital.

Fire millionar i minus

omtala først frå Brønnøysundregistera om konkursopninga i Sunnmøre tingrett.
Selskapet som tidlegare både har utvikla hyttefelt og bygd hytter, bomma på store prosjekt i fjor. 2018 enda difor med eit underskott før skatt på drygt fire millionar.
Det var første minustal i rekneskapa dei siste fem åra. Omsetninga har same periode auka stort, frå knappe 20 millionar kroner i 2014 til 41 millionar i fjor.

Skilde vegar

Dei som blei eigarar i sommar er Kari Ekornes, Karl Ekornes, Stian Ekornes, Arild Klokk og Dag Lennart Haugseths selskap Dags Maskin, Bjarne Brekke og selskapet Mørerør, som er eigd av Anders Øygard og Stein Ove Raftevold.
Joar Ekornes, som blei medeigar i Mørelaft i 2013, blei og med på kapitalutvidingan.
Kenneth Brunstad, som før kapitalutvidingan eigde Mørelaft saman med Joar Ekornes, blei ikkje med vidare. Han driv hytteproduksjon i anlegget i på Håhjem i Skodje gjennom selskapet Møre Eigedom, som mellom anna skulle levere til Mørelaft.

Publisert: 21.11.2019 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45