Milliardskip til Island Offshore
MILLIARD: Prislappen på "Island Victory" blir over ein milliard kroner.
Nytt

Milliardskip til Island Offshore

Vard Brevik skal bygge eit installasjonsfarty til over ein milliard kroner for Island Offshore. 

21.07.2014
Skipet, "Island Victory", blir det tredje største i Island Offshore-flåten.Skipet er 123 meter langt og 25 meter breitt, med eit dekksareal på 1100 kvadratmeter.
Skipet er designa av Rolls-Royce, namnet på designtypen er UT 797 CX.. Kontraktsverdien for designpakken frå Rolls-Royce er rundt 360 millionar kroner.

Sprengjer milliardgrensa

Trenden dei siste åra er at offshorereiarlaga tingar stadig større, meir komplisert og dyrare skip. "Island Victory" er nok eit farty som sprengjer milliard-grensa.
- Det kostar rett over ein miliard, seier kommunikasjonssjef Marianne Hovden i Island Offshore.

Kan gjere mange jobbar

Fartyet er eit multifunksjonfarty med 250 tonns offshorekran, to ROV’ar og ein stor moonpool. Det kan utføre subsea installasjonsjobbar på store djup Med ei trekkraft på over 400 tonn kan båten også nyttast til tung ankerhandtering.
Med overnattingplass til 110 personar kan skipet og brukast som bustad-skip på oljefelta.
- Vi har stor tru på at båten kjem raskt i operasjon etter levering, då behovet for vedlikehald av subseabrønnar berre aukar i omfang. I tillegg egnar båten seg utmerka som ankerhandterar også, så vi har fleire bein å stå på, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore i ei pressemelding.
Fartyet skal leverast i juni 2016
I tillegg til denne siste kontrakten, har Island Offshore også nyleg tinga to offshore supplyfartøy av typen Rolls-Royce UT 717 CDX. Dei skal levarast frå Vard Brevik i Q3 og Q4 2015.

Publisert: 21.07.2014 14:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33