Milliardnedskriving i Solstad
KUTT: Solstadsjef Lars Peder Solstad har skrive ned skipsverdiane med 2,5 milliardar kroner dei to siste åra.
Nytt

Milliardnedskriving i Solstad

Solstad Offshore skriv ned verdien av flåten med ein milliard kroner i fjerde kvartal.

23.02.2017
Nedskrivninga kjem etter at selskapet har leigd inn tre uavhengige meklarar for å vurderer skipsverdiane i lys av marknadsutsiktene.
Samla nedskriving i 2016 er dermed 1,2 milliardar kroner. I fjor skreiv reiarlaget ned verdiane med 1,3 milliardar kroner.

Nedskrivinga gjer at Solstad Offshore fekk eit underskot før skatt på 1,5 milliardar kroner i fjerde kvartal 2016, medan året samla sett einda med minus 815 millionar kroner.
I løpet av 2016 blei Rem Offshore innlemma i Solstad Offshore.
I løpet av 2017 skal også Farstad Shipping og Deep Sea Supply bli ein del av Solstad Offshore. Bak begge transaksjonane står Aker, som i fjor blei storaksjonær i Solstad Offshore, og varsla at Solstad Offshore skulle bli reiskapen for å få til ei konsolidering blant offshorereiarlaga. (Les meir om striden om offshorereiarlaga under Relaterte saker).

Publisert: 23.02.2017 16:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06