Milliardnedskriving i Rolls Royce
SKRIV NED: Rolls-Royce skriv ned goodwill i Rolls-Royce Marine med 200 millionar pund, cirka to milliardar kroner.
Nytt

Milliardnedskriving i Rolls-Royce

Rolls-Royce skriv ned verdiane i marinedivisjonen med to milliardar kroner.

14.02.2017
Nedskrivinga i Rolls-Royce Marine reflektere ei mindre optimistisk tru på framtida, som eit resultat av ein svak olje- og gassmarknad, skriv Rolls-Royce i eit pressemelding i samband med at selskapet legg fram resultatet to 2016 i dag.


24 prosent ned

Driftsinntektene i Rolls-Royce Marine fall med 24 prosent i fjor samanlikna med 2015, i følgje pressmeldinga. Inntektene frå både levering av nytt utstyr og frå service og vedlikehald gjekk ned.
Konsekvensen er driftsunderskot i marinedivisjonen (der nedskrivingane ikkje er rekne med) på cirka 280 millionar kroner.

Kuttar stillingar

Marinedivisjonen i Rolls-Royce har 4800 tilsette i 34 land, rundt 1900 av dei i Noreg. 800 av desse jobbane skal bort, og Rolls-Royce Marine har varsla av 200 av dei som skal bort er tilsett i Noreg.
Alle tilsette i Noreg har fått tilbod om sluttpakke og fristen for å svare går ut i dag.

Publisert: 14.02.2017 14:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06