Milliardkontrakt til Aurstad
NY E6: K.A. Aurstad og Implenia Norge skal byggje 16 kilometer ny E6 mellom Vinstra og Sjoa i Gudbrandsdalen. Slik vil det sjå ut på Vinstra mot Teigkampen. 
Nytt

Milliardkontrakt til Aurstad

Entreprenør K.A. Aurstad i Hovdebygda har i dag fått tildelt ein av landets største vegkontraktar på ny E6 i Gudbrandsdalen.

Ivar Myklebust Longvastøl
26.01.2014
Kontrakten er på 1,5 milliardar kroner og gjeld ny E6 mellom Vinstra og Sjoa i Oppland.

Samarbeid med sveitsarar

K.A. Aurstad vann kontrakten saman med sveitsiskeigde Implenia Norge AS som er spesialist på brukonstruksjonar. Selskapa har gått saman i ein såkalla arbeidsfellesskap som betyr at dei er likeverdige partnarar i prosjektet.
K. A. Aurstad/Implenia vann kontrakten i konkurranse med to av dei store, Veidekke Entreprenør AS og AF Gruppen Norge AS. Arbeidet startar på nyåret og skal vere ferdig hausten 2016.

Eitt hinder igjen

15. november vart det klart at Aurstad/Implenia hadde levert det beste og billegaste tilbodet. Etter den tid har ei anbodsnemnd i Statens vegvesen gått gjennom tilboda og gitt si innstilling til vegsjefen i Region Øst, Per Morten Lund, som signerte i dag.
Men før administrerande direktør Per Kristian Langlo (57) og 170 medarbeidar i K.A. Aurstad kan pakke ut julegåva, har taparane høve til å klage, og kontrakten vert først underskriven etter at klagefristen går ut 23. desember.
Difor ønskjer heller ikkje Langlo å kommentere saka før den siste signaturen er på plass.
Les meir om bedrifta i faktaboks.

Rabatt gjorde utslaget

Kontrakten er tildelt etter det såkalla tokonvolutt-systemet. Det betyr at Statens vegvesen først opna ein konvolutt der tilbydarane skildrar korleis dei vil løyse oppdraget.
Dei beste løysingane gir rabatt på prisen som entreprenørane har lagt inn i konvolutt nummer to, og dette vart avgjerande til fordel for K. A. Aurstad/Implenia:
K. A. Aurstad/Implenia: 1.493.036.753 kroner.
Veidekke Entreprenør: 1.504.724.467 kroner.
AF Gruppen Norge: 1.769.364.844 kroner.

Sveitsiske bruspesialistar

Langlo har tidlegare fortalt kvifor K.A. Aurstad har alliert seg med den norske delen av det sveitsiske selskapet Implenia i ein arbeidsfellesskap som gjer dei sidestilte i dette prosjektet.
Sveitsarane er spesialistar på brukonstruksjonar og sunnmøringane har sin spisskompetanse på masseflytting.

Kort byggjeperiode

Den nye E6-parsellen mellom Sjoa og Vinstra er på 16 kilomter og omfattar også 12 kilometer lokale vegar. Det skal byggjast 29 konstruksjonar, av dei 13 bruer, sju undergangar og ein viltpassasje.
Totalt skal 1.650.000 millionar kubikkmeter jord, ca. 300.000 kubikk fjell i dagen og ca. 350.000 kubikk fjell frå tunnel flyttast i byggjeperioden som er kort - frå januar 2014 til hausten 2016.
Nye E6 i Gudbrandsdalen vert lagt slik at vegen skal unngå storflaumane i Gudbrandsdalslågen.

Vegvesenet gler seg

- Vi gler oss til å bli kjende med Implenia og K.A. Aurstad og ser fram til eit godt samarbeid i gjennomføringa av utbygginga, seier prosjektleiar .
Vi gler oss til å bli kjende med Implenia og K.A. Aurstad

Publisert: 26.01.2014 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30