Milliardinvestering for Hexagon
LÅNER: Knut Flakk og familien er stor aksjonær i Hexagon Composites. Selskapet har hovudkontor i Ålesund. 
Nytt

Milliardinvestering for Hexagon

Kjøper ut samarbeidpartnar. Skal ut i obligasjonsmarknaden for å finansiere kjøpet.

20.03.2019
I 2016 skilte Hexagon Composites ut produksjonen av drivstofftankar for naturgass for lastebilar og slo den saman med produsenten av rørsystema frå drivstofftankar til motorane.
Det nye selskapet fekk namnet Agility Fuel Solutions og blei eigd 50/50 av Hexagon Composites og aksjonærane i systemprodusenten. Hovudmarknaden USA der og produksjonsanlegga ligg.

No kjøper Hexagon Composites ut resten av eigarane. Transaksjonen verdset heile Agility Fuel Solutions til 2,1 milliardar kroner.

Låner pengar

Kjøpet er finansiert med lån.
I første omgang låner Hexagon Composites kjøpesummen frå DNB. Meininga er å refinansiere lånet ved å ta opp eit lån i obligasjonsmarknaden. Når det lånet skal takast opp er ikkje tidfesta, i følge konsernsjef Jon Erik Engeset.

Langsiktig mål

- Vi har klokkartru på denne bransjen, seier Engeset når han skal grunngi kjøpet.
Hexagon sitt mål er å gå frå å vere leverandør av produkt til å vere leverandør system. I dette tilfelle er det snakk om å gå frå å vere leverandør av berre drivstofftankar til å levere anlegg som også koblar saman drivstofftankane til motoren.
Heilt frå etableringa av partnarskapet i 2016 ønskte Hexagon Composites å bli eineeigar i Agility Fuel Solutions. På det tidspunktet var imidlertid ikkje stemning for å selje hos partnarane, samstundes som uvissa i marknaden gjorde at Hexagon Compositets heller ikkje hadde det travelt med å kjøpe, i følgje Engeset.
Agility Fuel Systems hadde 1,3 milliarder kroner i driftsinntektere i 2017 og eit resultat før skatt, av- og nedskrivingar på 79 millionar kroner.

Publisert: 20.03.2019 09:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27