Milliardavtale i vasken
Nytt

Milliardavtale i vasken

Hexagon har fått beskjed om at avtale med ein større bilprodusent er kansellert.

Marius Rosbach
23.01.2020
Hexagon Composites kom seint torsdag med ei der dei opplyser at ein milliardavtale om å levere hydrogentankar til ein større bilprodusent, er kansellert.
Selskapet opplyser at årsaka ikkje har noko med Hexagon å gjere.
– Medan Hexagon beklagar kanselleringa, så vil dette frigjere resursar og gjere det mogleg å følgje andre alternativ i den svært dynamiske hydrogenmarknaden, skriv selskapet i meldinga.
Det var meininga at Hexagon skulle levere hydrogentankar til serieproduksjon av bilar med brenselcelle-teknologi som framdriftsmiddel. Produksjonen var venta å starte i 2020 og vare i minst fem år,
Kontrakten skal ha vore eit resultat av det strategiske samarbeidet selskapet har med japanske Mitsuie & Co, som har kjøpt seg betydeleg opp i Hexagon.
Avtalen som , sørga for at børsverdien gjorde eit byks og sendte aksjeverdien på selskapet opp til 4,5 milliardar. I ettertid har selskapet segla i medvind og prisast no til kring 6,5 milliardar på Oslo børs.

Les også:


Børsåret 2019:


Publisert: 23.01.2020 22:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51