Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.
Milliardar i kontantstøtte til bedriftene

BLAR OPP: Regjeringa reknar med å bruke 10-20 milliardar kroner i månaden på å støtte bedrifter som har mista inntektene sine, slik at dei kan dekkje ein del av dei faste kostnadane, sa finansminister Jan Tore Sanner på pressekonferansen klokka 08:00 i dag, fredag 27. mars.

Milliardar i kontantstøtte til bedriftene

Staten tek ein del av dei faste kostnader for bedriftene. Målet er at bedriftene skal ha pengane på konto innan to-tre veker.

Ventar å betale ut 10-20 milliardar kroner i månaden gjennom den nye ordninga, som i første omgang skal vare i to månader.

Regjeringa legg fram ytterlegare tiltak for næringslivet på ein ny pressekonferanse klokka 12:00 i dag

- Forslaget inneber at staten dekkjer ein andel av dei faste kostnadene for bedrifter som no opplever betydeleg nedgang i inntektene som følgje av virusutbrotet, sa finansminister Jan Tore Sanner på ein pressekonferanse i dag.

Ordninga skal også omfatte sjølvstendig næringdrivande.

Ordninga liknar på ordninga Danmark tidlegare har varsla skal innførast der. Den danske ordninga har eit tak på 60 millionar kroner pr. bedrift, i følgje Sanner, og regjeringa vil seinare i dag opplyse kva den meiner skal vere taket i den norske ordninga.

Les innleiinga til Sanner her

Klikk her for å lese pressemeldinga og sjå pressekonferansen på nett-tv

Ordninga er utvikla i samarbeid med LO og næringsorganisasjonane, NHO, Virke og Finans Norge. Stortinget får framlegget i dag, og vil behandle framlegget i løpet av helga og neste veke.

Sanner sa på pressekonferansen at regjeringa seinare i dag vil foreslå å utvide låne- og garantiordninga den la fram i førre veke, slik at den vil omfatte fleire.

Les også: Legg minst 100 milliardar på bordet

Pengar på konto om to-tre veker
Finans Norge-sjef Idar Kreutzer sa på pressekonferansen at målet er at bedriftene får pengar på konto innen to-tre veker.

Bedriftene må søkje om støtten og detaljane i ordninga skal vere klar neste fredag. Det som blant anne skal avklarast er kor stor andel av dei faste kostnadene som blir dekt og kor stort inntektsfall som må til for å vere kvalifisert for støtte.

Ordningane skal byggje på sju prinsipp:

Den skal vere effektiv og virke raskt.

Den skal vere målretta mot bedrifter med eit vesentleg fall i inntektene.

I første omgang vil ordninga gjelde for to månader.

Ordninga skal famne breitt, mellom anna for å sleppe å innføre mange små spesialordningar.

Ordninga skal vere så enkel som råd å bruke og administrere.

Ordninga må også vere i samsvar med statsstøtteregelverket.

Og den må gjere det råd å kontrollerte at bedriftene gir rette opplysningar og ikkje misbrukar ordninga.

"Pengene fra staten er helt nødvendige. Skaper vi trygghet for at bedriftene kan klare seg gjennom dette, vil også bank, leverandører og utleier kunne stille opp. Bedriftene skal også ta vare på hverandre i den uhyre krevende situasjonen vi er i. De som har mulighet, må bestille varer og tjenester av hverandre. Hjelp hverandre å holde hjulene i gang" seier NHO-sjef Ole Erik Almlid i ei pressemelding frå NHO.

"LO vil ha en modell som gir bistand til bedriftene for å betale faste utgifter, slik at de ikke må legge ned og at de som jobber der har en arbeidsplass når dette er over. 

- Jeg er glad for at regjeringen i dag legger frem rammer rundt en ordning som svarer på dette, og som kan være et godt utgangspunkt for videre behandling i Stortinget" seier LO-leder Hans-Christian Gabrielsen i ei pressemelding frå LO.

Siste artikler

Forskar på feittsyrer hos nordatlantisk fisk

Finst det fordelar i makrellolje som gir sunnare hud. Ålesund-selskapet Epax vil finne svaret.

Sjømatrekord i første halvår

Svak krone sikra ny rekord i sjømateksporten.

Vil bytte elbilstøtte med industristøtte

I staden for å gi avgiftslette til elbilkjøparar burde staten heller støtte opp under miljøvennleg industriproduksjon, som skapar arbeidsplassar i Noreg, meiner Tore Ulstein i Ulstein Group.

Aksjonerte mot vindkraftverk ved fuglefjellet

Ornitologar og fiskarar markerte si motstand på Runde mot Havsul 1.

Bustyrar startar redningsarbeidet straks

Bjørn Åge Hamre er oppnemd til bustyrar i Kleven Verft. Brukar helga for å sikre at dei to skipa på Kleven kan byggast ferdig.

Ny vekst og lønnsomheten tilbake

Rundt 150 personer var i arbeid for Medi 3 i fjor og datterselskap gjør suksess med skipssykehus.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.