Milliard oppdrag for Artec Aqua
HENTAR PENGAR: Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy reknar med å vere i gang med bygginga Europas største landbaserte oppdrettsanlegg i løpet av ein månad etter at kapitalutvidinga i selskapet er på plass.
Nytt

Milliard-oppdrag for Artec Aqua

Får Salmon Evolution kapitalutvidinga på plass skal Ålesund-selskapet gjennomføre bygging av Europas største landbaserte oppdrettsanlegg - og kan få fleire store jobbar. 

25.02.2020
Salmon Evolution er i ferd med å hente inn pengar til å finansiere bygging av første del av sitt landbaserte oppdrettsanlegg på tomta til eit nedlagt pukkverk Fræna i Romsdal. Like etter at pengane er på plass skal bygginga starte, sa Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy i Shippingklubben i Ålesund mandag.
Han seier til NETT NO at han ventar at emisjonen er gjennomført i løpet av eit par månader.
Prisen for første byggesteg blir mellom ein og 1,5 milliardar kroner. For Ålesund-selskapet Artec Aqua betyr ein vellukka emisjon at selskapet blir totalenterprenør, i følgje Finnøy.
Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik seier til NETT NO det i så fall blir den største einskildkontrakten selskapet har fått.

Fleire oppdrag

Salmon Evolution og Artec Aqua har inngått ein eksklusivitetsavtale, fortalde Finnøy i innlegget sin i Shippingklubben.
Avtalen betyr at Salmon Evolution har eineretten til å bruke teknologien og systema Artec Aqua har utvikla for det landbaserte anlegget som skal byggast i Fræna. Til gjengjeld må Salmon Evolution sørge for at det blir bygd mange anlegg framover - som gir Artec Aqua fleire oppdrag.
Avtalen er på to gangar fem år med høve til revidering undervegs.

Dobbelt så stort

Når anlegget i Fræna er heilt ferdig vil det produsere nesten 31 tusen tonn sløyd laks i året. Då anlegget blei lansert første gang vart det sagt at prisen ville bli tre milliardar, men i den planen som det no blir arbeidd etter er produksjonen auka med omlag 20 prosent samanlikna med den opphavlege planen.
Finnøy seier selskapet kan bygget enda meir i Fræna og minst doble produksjonen frå 31 tusen tonn. Og det skal ikkje stoppe der. Det er fleire stadar langs kysten som egnar seg for landbaserte oppdrettsanlegg, i følgje Finnøy.
Målet er å kome opp i 100 tusen tonn sløyd laks i året, seier han. Det utgjer nesten åtte prosent av den norske oppdrettsproduksjonen av laks og aure.

Eigarar på Nordvestlandet

Før kapitalinnhentinga som DNB og Pareto er i gang med no er Salmon Evolution eit selskap eigd av investorar på Nordvestlandet. Ved årsskiftet 2018/2019 gjekk Rostein-eigarane, Artec Holding, Frode Kjølås, Peder Stette og Glenn Bradley inn på eigarsida saman med grunnleggarane Per Olav Mevold, Jonny Småge og Kristoffer Reiten.

Artec Aqua fekk jobben å prosjektere anlegget, som skal pumpe sjøvatn frå djupt vatn inn i tankane, og får altså jobben med å gjennomføre heile prosjektet om Salmon Evolution får emisjonen på plass,

100 millionar

Pengane som skal hentast inn no skal finansiere det første av tre byggesteg, som vil utgjere 25 prosent av den planlagte produksjonskapasiteten. Finnøy anslår kostnaden til ein til 1,5 milliardar kroner og seier til NETT NO at sannsynlegvis storparten av første byggesteg blir finansiert med eigenkapital.
Kapitalutvidinga blir gjennomført i to delar, der andre runde kan blir gjennomført omlag eit halvt år etter at første runde. Finnøy vil ikkje seie kor mykje selskapet satsar på å få inn i første runde. Utgangspunktet for første runde av kapitalutvidinga er at Salomon Evolution har ein verdi på 100 millionar kroner før kapitalutviding. Før neste runde ventar selskapet har verdien skal vere høgare.

Publisert: 25.02.2020 11:09

Sist oppdatert: 03.03.2021 08:12