Metizoft kapra avtale innan cruise
AVTALE: Metizoft skal bidra til at cruiseskipa til Fred Olsen Cruises har kontroll på alt farleg stoff i skipa si levetid.
Nytt

Metizoft kapra avtale innan cruise

Fred. Olsen Cruise Lines og Metizoft har signert ein rammeavtale for oppdatering og kvalitetssikring av farleg materiale.

24.02.2017
- Vi er veldig fornøgde med å vere ein partner i miljøarbeidet til Fred. Olsen Cruise Lines. Dei ønsker å fokusere på miljøet på tvers av sin flåte.
- Samarbeidet viser at dei er strategiske i sine val sett i lys av framtidige krav, som no er ein realitet, seier salssjef Øyvind Sundgot i Herøy-selskapet Metizoft.
Avtalen gjeld oppdatering og dokumentasjon av såkalla Inventory of Hazardous Materials (IHM).
Metizoft opplyser i ei pressemelding at fartøy med IHM-dokumentasjon må, ifølgje krava frå IMO Guidelines – Ship Recycling; MEPC 269, halde IHM-dokumentasjonen ved like kontinuerleg gjennom skipets levetid.
- Fleire og fleire shippingselskap ser behovet for å overhalde dei strenge krava, seier Sundgot.

Raske endringar

Han opplyser at avtalen hjelper Fred. Olsen Cruise Lines å nå måla om 'ingen skade på menneske, ingen miljøhendingar og ingen skade på eigedom'.
Fleire og fleire land har ratifisert Hong Kong-konvensjonen for IHM, og endringane har skjedd raskare enn forventa, ifølgje Sundgot.
- Mykje har skjedd i løpet av kort tid. Det framtidige kravet som vil vere gjeldande for heile verdens havgåande flåte over 500 tonn dødvekt, seier Sundgot.
Metizoft har 10 års erfaring innen grøn skipsresirkulering og har levert prosjektdokumentasjon til omtrent 650 nybygg globalt.

Publisert: 24.02.2017 19:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06