Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.
Merkar stor interesse frå turoperatørar

KYSTRUTEN: Sals- og marknadssjef Tor Johan Pedersen og adm. dir Arild Myrvoll i Havila Kystruten merkar stor interesse frå turoperatørane for den nye storsatsinga.

Merkar stor interesse frå turoperatørar

Meir enn to år før Havila Kystruten sine skip er i drift, opplever selskapet stor interesse frå turoperatørane.

- Ja, interessa er stor. Det er tydeleg at det konseptet vi har valt er noko som er etterspurd.

Det seier dagleg leiar Arild Myrvoll i Havila Kystruten.

Han opplyser at stålarbeidet no har starta på tyrkiske Tersan og spanske Barreras.

Samstundes vert det jobba med ulike detaljar på skipa.

- Blant anna ser vi no på inventarløysingar til dei fire skipa, både til salongar, restaurantar og lugarar.

Nye store kontraktar
Frå før er det klart at Havyard Group skal levere design og utstyr for rundt ein milliard til dei fire nybygga.

Framleis gjenstår det kontraktar som truleg kjem over ein halv milliard kroner, kontrakter som skal inngåast med verfta.

- Det vert fleire store kontraktar, truleg også til norske selskap, seier Myrvoll.

Over nyttår skal dei to teama som skal følgje byggjearbeidet vere på plass.

- Vi startar med to-tre personar på kvar plass, men på det meste vil vi vere seks-sju på både Tersan og Barreras, seier Myrvoll.

Norske tilsette
Når det gjeld tilsette og mannskap om bord i skipa har ein litt meir tid på seg.

- Vi satsar i alle fall norsk, slik at det vert ein ny stor arbeidsplass med rundt 600 tilsette.

Myrvoll opplyser at ein arbeider no med detaljar på sjølve skipa.

- Vi har ei rekkje spennande idear, og vil kome med fleire nyheiter etter kvart.

Over nyttår startar også arbeidet med å få på plass sals- og marknadsapparatet.

Positivt med identiske skip
Sals- og marknadssjef Tor Johan Pedersen leier dette arbeidet, men han har allereie vorte kontakta av fleire store turoperatørar.

- Spesielt er det positivt at vi har fire identiske skip, som dermed gjer det enkelt for kundane å kjøpe vårt produkt og for våre samarbeidspartnarar å selge det.

Han opplyser at ein i hovudsak truleg vil satse på reisande frå Norden og resten av Europa, men også frå USA og deler av Asia.

- Vi ser no på kva slags struktur vi skal ha, men vi skal ha lokale representantar i dei marknadane vi vel å satse på.

Les også: Vil bruke skipstunnelen fast

Siste artikler

Frå heimesnikra merd til milliardindustri

Norsk oppdrettsnæring har gått gjennom ei rivande utvikling på 50 år - tre faktorar har vore avgjerande. 

Hurtigruten vil ligge lengre: – Opnar nye område

Reiselivssjefen på Sunnmøre ser nye moglegheiter for reiselivet ved at Hurtigruten skal ligge seks timar lengre i Ålesund. 

Avgiftsauke på 220 millionar

Auken i ei rekkje avgifter sidan 2015 har auka dei årlege kostnadane for Widerøe sine kommersielle flyruter med 220 millionar kroner i året. 

Tør ikkje love eldrift med det første

Det tek fleire månader lengre enn venta, før Fjord1 kan segle utsleppsfritt på Sulesund-Hareid.

LO og NHO ber regjeringa om tiltak for vasskraft i Noreg

LO og NHO frontar eit opprop der over 20 organisasjonar ber regjeringa om konkrete tiltak for å auke produksjonen av fornybar energi frå vasskraft i Noreg.

– Kan ikkje skjøne at den ruta ikkje skal vere lønnsam

Bransjeorganisasjonar frå den maritime industrien reagerer på kutta til Widerøe på Hovden-flyplassen. 

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.