Merkar problema til tysk staalindustri
OLIVIN: I 2019 vart det eksportert olivinsand frå Steinsvika for 8,8 millionar kroner.
Nytt

Merkar problema til tysk stålindustri

2020 skulle verte eit nytt rekordår for Steinsvik Olivine, men så slo koronapandemien til.

22.05.2020

- Ja, det såg veldig bra ut for i år. Vi planla å selje 75.000 tonn, opp frå 50.000 tonn i fjor.

Det seier dagleg leiar og hovedaksjonær Robert Welsvik.

Med ein planlagt last på 8.000 tonn i første veka i juni, vil det i år ha gått 27.000 tonn olivinsand frå Steinsvika i Volda til mottakarane i Tyskland.

- Deretter veit vi ikkje meir. Det vi har fått beskjed om er at det vert lite aktivitet ved tyske stålverk fram til september.

- Dei tyske stålverka leverer i hovudsak til bil- og oljeindustrien, og begge deler slit no, seier Welsvik.

Godt fjorår
I fjor omsette Steinsvik Olivine for 8,8 millionar kroner, opp frå 3,3 millionar kroner året før.

Resultatet før skatt enda på 2,1 millionar kroner, medan ein året før gjekk så vidt i minus.

2019 vart dermed eit rekordår både omsetnings- og resultatmessig etter at Robert Welsvik kjøpte Steinsvik Olivine i 2009.

Set investeringar på vent
Welsvik eig 51 prosent av aksjane i gruveselskapet han overtok i 2009.

Dei andre aksjane er likt fordelte mellom dei tyske selskapa Intocast Aktiengesellschaft og Scheruhn Industriemineralien.

- Vi var godt fornøgde med fjoråret. I år hadde vi planlagt å gjere ein del store investeringar, men det meste er no sett på vent, seier Welsvik.

Stor forekomst
Siste åra har Steinsvik Olivine konsentert seg om å levere olivin til bruk i produksjon av eldfaste omnar, men no går det meste til tyske aluminiumsindustrien, som normalt har store leveransar til tysk bilindustri.

Olivinforekomsten i Steinsvika er i utgangspunktet kalkulert til å vere på 1,4 millionar tonn i dagbrot og ytterlegare 40 millionar tonn som må takast ut i gruvedrift.

Selskapet har ikkje langsiktig gjeld, og leiger inn tilsette.

- Det er nomamlt seks personar som arbeider ved Steinsvik Olivine, seier Welsvik.


Dei tyske stålverka leverer i hovudsak til bil- og oljeindustrien, og begge deler slit no

Steinsvik Olivine

Årsresultat (i mill kr)

2019

2018

Driftsinntekter

8,8

3

Driftsresultat

2,1

0,04

Resultat før skatt

2,1

-0,01


Publisert: 22.05.2020 09:01

Sist oppdatert: 03.09.2021 15:17