Merkar oppsving i oljebransjen
SVINDEL: Ei dataangrep gjorde at Rufo blei svindla for 730.000 millionar kroner i fjor. Det bikka resultatet på minussida, seier Rufo-sjef Knut Steinnes.
Nytt

Merkar oppsving i oljebransjen

Fem år etter oljeprisfallet i 2014 merkar transportkasse-produsenten Rufo på ny vekst frå oljebransjen.

18.06.2019
Rufo i Hovdebygda starta som produsent av transportkasser for lyd- og lysanlegg, men hadde også fått ein fot innanfor oljebransjen med sine transportkasser før oljeprisfallet kom.
No merkar dagleg leiar Knut Steinnes omsider oppsving frå oljebransjen igjen.
- Det var i år, seier han om når oppsvinget kom.

Satsar på samferdsel

I tillegg til lyd- og lysanlegg for kulturbransjen og transportkasser for utstyr til oljebransjen satsar Rufo på samferdselbransjen
Digitaliseringa i samferdselsbransjen krev nytt avansert utstyr, og det må både transporterast og beskyttast under tøffe tilhøve på anleggsplassen. Kassene som må til satsar Rufo på å lage.
Steinnes seier målet eit i dobling av driftsinntektene innan fem år. I år anslår at selskapet endar på 27 millionar kroner i driftsinntekter.

Robotisert produksjon

Rufo har arbeidd med å digitalisere konstruksjon og ordremottak i fleire år og har blant anna laga digitale tre-dimensjonale modellar av alle produkt og delar.
Neste steg er å koble saman informasjon frå konstruksjon og ordremottak med robotar i produksjonshallen. Det har vore ein tidkrevande prosess å utvikle systema som må til. I fjor trudde Steinnes den første robotcella skulle vere på plass hausten 2018. No seier han at han ventar at den er klar etter sommarferien.
Den første cella skal lage aluminiumsprofilane på kassene, den neste automatisere produksjonen av platene som blir til botn, veggar og lok på kassene. Siste steg er å automatisere også monteringa.

Tapte på svindel

Rufo gjekk med ein halv million kroner i underskot i fjor. Grunnen er svindel.
- Vi blei svindla i fjor, seier Steinnes.
Ved hjelp av falske epostar greidde nokon å få Rufo til å betale eit krav frå ein leverandør til ein bankkonto som svindlarane hadde kontroll på. Svindelen blei oppdaga då leverandøren tok kontakt og etterlyste pengane.
Rufo tapte 730.000 kroner på svindelen, i tillegg til at hendinga også stal tid og merksemd frå selskapet i følgje Steinnes.
Rufo har 20 tilsette.

Publisert: 18.06.2019 12:03

Sist oppdatert: 14.04.2023 12:04

Mer om