Merkar god aktivitet innan bygg
VARTDAL: Vartdal Plastindustri AS er ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon. Her er dagleg leiar og deleigar Jan Endre Vartdal. 
Nytt

Merkar god aktivitet innan bygg

Byggsegmentet vaks mest i Vartdal Plast i fjor. Vartdal Holding-konsernet kan vise til ein svært god vekst siste åra og har no passert 600 millionar kroner i omsetning. 

Kristin Vidhammer
26.08.2016
Vartdal Holding-konsernet eig mellom anna Vartdal Plastindustri, 50 prosent av Poly-Har as og 90 prosent av Ualand Eiendomsutvikling.
Konsernet hadde i fjor driftsinntekter på 623 millionar kroner, mot 554 millionar kroner året før (sjå tabell). Resultat før skatt var 37,7 millionar i fjor.
Konsernet har hatt stor vekst siste åra. I perioden 2009-2014 dobla dei omsetninga og denne veksten fortsette også i fjor. Då hadde selskapet ein omsetningsvekst på over 12 prosent. Resultatet er også meir enn dobla sidan 2009.
- Vi kan ikkje sove vekk mulegheitene, og vi fokuserer på å utvikle alle forretningsområda våre, seier dagleg leiar og medeigar, Jan Endre Vartdal.

Offensiv satsing på utvikling

Forretningsområda er emballasje, teknisk emballasje, bygg og logistikk. Konsernet er offensive og fokuserer mykje på innovasjon og vidareutvikling.
- Vi reinvesterer årleg 15-20 millionar kroner i innovasjon og utvikling for å kunne vidareutvikle oss, kundane og samarbeidspartnarane våre. Dette omfattar innovasjon innan både produkt, produksjonsteknologi og logistikk, seier han.
I fjor vart driftsmarginen i konsernet 4,25 prosent.
- Vi må ha ein såpåss driftsmargin for å kunne fortsette med innovasjon og utvikling. Vi er fornøgd med resultatet, men vi er også nødt til å tenke kostnadseffektiv drift og vi ser at marginane blir mindre.

Største veksten kom frå bygg

I fjor kom den største veksten frå byggsegmentet.
- Det er overraskande høg aktivitet innan byggnæringa. Til trass for noko tilbakegang langs delar av kysten, meir enn kompenserer veksten i andre regionar dette, seier Vartdal.
I fjor opna Vartdal Plast også lager utanfor Oslo. Selskapet ynskjer med dette å bidra til optimalisering av vareflyten og å betre service og leveringspresisjon for kundane på Austlandet.
- Dette er eit distribusjonssenter som både importerar og distribuerer varer til fabrikk og kundar, seier han.

Fleire fabrikkar og eige transportselskap

Vartdal Plastindustri AS har lang erfaring med framstilling av produkt baserte på ekspanderbar polystyren (EPS) og har i dag fleire heileigde moderne fabrikkar i Norge. Fabrikkane for emballasjeproduksjon ligg på Vartdal og på Hjelmeland i Rogaland. Når det gjeld byggisolasjon, har dei fabrikk i Lund, Rogaland, i tillegg til på Vartdal.
Vartdal Plastindustri eig også dotterselskapet VD-Transport, og der Vartdal køyrer produkta direkte til byggjeplassen. Selskapet har omlag 45 vogntog.

Solid balanse

Konsernet hadde ved årsskiftet ein bokført eigenkapital på 143 millionar kroner, det tilsvarar ein eigenkapitaldel på 55 prosent. Vartdal Holding hadde ved årsskiftet nærmare 100 millionar kroner i bankinnskot og marknadsbaserte verdipapir.
Vartdal Plastindustri AS er eigd av søskena Jan Endre, Ingvild og Sindre Vartdal med ein tredjedel kvar.

Historikk

Vartdal Plastindustri vart grunnlagt av Jan Vartdal i 1961.
Den tradisjonelle isolasjonsplata har sidan starten i 1962 vore ein del av Vartdal Plast sin produksjon. Frå midten av 90-talet har selskapet vidareutvikla forretningsområdet bygg med nye produkt og nye lokasjonar. Dette gjer dei til ein landsdekkjande totalleverandør av isolasjonsprodukt.
I 1965 produserte dei verdas første fiskekasse i EPS. I 1993 utvikla dei Vartdal Airbox, dette opna for at norsk laks kunne konkurrere over heile verda. Dette var transportkasser for fly utan dreneringshol og eit supplement til den tradisjonelle Vartdal-kassen.
I 2012 utvikla dei Superfresh-pakkesystemet, og som bidreg til lengre haldbarheit og mindre svinn på ferskvarerprodukt som til dømes laks, torsk og kylling.
Vartdal Plastindustri har vunne fleire prisar, blant anna i 2011 då dei fekk både design- og miljøprisen for fiskekassa EPS-Box. Dette er ei fiskekasse utan lokk. EPS-Box gjer det mogleg å feste film til EPS-emballasje, og gjer dermed dei tradisjonelle lokka overflødig. Med fokus på mindre emballasje og meir produkt fører dette både til reduserte transportkostnader og mindre utslepp.


Les også:
Les også:
Les også:
Vi reinvesterer årleg 15-20 millionar kroner i innovasjon og utvikling

Publisert: 26.08.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59