Merkar auka interesse for krillprodukt
KRILL: Kjempetap for Rimfrost i fjor etter at selskapet måtte kreditere eit tidlegare seld vareparti til 252 millionar kroner.
Nytt

Merkar auka interesse for krillprodukt

Etter eit blytungt fjorår, melder Rimfrost om auka etterspørsel for selskapet sine krillprodukt.

04.12.2018
Stig Remøy sitt krillselskap hadde i fjor eit resultat før skatt på minus 386 millionar kroner.
Bakgrunnen for det svake resultatet skuldast i hovudsak patentstrid med Kjell Inge Røkke og hans selskap Aker Biomarine Antarctica, fleire søksmål i USA og at ein til slutt måtte kreditere eit stort vareparti av ein kunde i USA etter søksmål.
Salsverdien på dette varepartiet var på heile 252 millionar kroner.
Dette går fram av årsrapporten for Rimfrost, som no er klar.
Etter at driftsselskapet Emerald Fisheries gjekk konkurs, og krillbåten Juvel vart overtatt av nettopp Aker Biomarine, stoppa også inntektene opp.

Trekte søksmål

Derimot hadde Rimfrost samla driftskostnader på 122 millionar kroner i fjor.
I april i år trekte Aker Biomarine Antarctica tilbake eitt av søksmåla om brot på patentar, medan eit søksmål i Delaware framleis er gjeldande.
På den andre sida har Rimfrost gått med motsøksmål, og meiner at Aker Biomarine ikkje hadde patentrettar, og har fått førebels medhald.
Les her:

Fornya interesse

Uavhengig av den pågåande striden, slår styret fast at det har vore betydeleg vekst i etterspørselen av selskapet sine krillprodukt etter at Røkke-selskapet trekte ITC-søksmålet.
Rimfrost-styret ser også positivt for framtida for selskapet.
Rimfrost er 95 prosent eigd av Stig Remøy-selskapet Rimfrost Holding, medan styreleiar Anders Almestad eig 5 prosent gjennom selskapet Octavia.
I tillegg til konkursråka Emerald Fisheries, eig Rimfrost 100 prosent av eit selskap på New Zealand, samt 50 prosent av Rimfrost USA.

Publisert: 04.12.2018 20:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15