Merkar at butikkane er forsiktige
TOK TID: Valutakursendringa som kom i 2014 har vart mykje lenger enn Rune Taklo såg for seg. Selskapet kjøper stoff og får plagga sine produsert i utlandet. Framleis har han ikkje auka prisane nok til å kompensere for kostnadsauken som kom då valutakursen endra seg. 
Nytt

Merkar at butikkane er forsiktige

Butikkane er blitt meir forsiktige med innkjøpa.

19.05.2019
Bankane har gitt butikkundane sine signal om å binde mindre kapital. Det merkar Frislid-sjef Rune Taklo.
- Bankane er veldig obs på likviditet. Vi er inne i ein periode der butikkane reduserer lagra sine, seier Taklo.
Frislid Konfeksjon hadde ein nedgang i driftsinntektene på 2,2 millionar kroner i fjor, til 40,1 millionar. Nedgangen er først og fremst eit resultat av uroa i varehandelen, og kjem trass i at varemerket Frislid har styrka seg, meiner Taklo.

Varig valutasmell

Frislid Konfeksjon har hovudkontor og distribusjonssental på Nordfjordeid og har kundane sine i Noreg, men kjøper stoff og får sydd dressar, jakker og andre plagg i fabrikkar i utlandet.
Det gjer at Frislid Konfeksjon, som resten av klesbransjen, brått fekk mykje høgare kostnadar då valutakursen endra seg til deira ugunst i 2014. Den endringa har halde seg mykje lenger enn Taklo venta seg.
- Vi har drøymt om at vi skulle kome tilbake til tilstanden før oktober 2014. I oktober 2014 tryna oljeprisen og då datt kronekursen og sidan har den ikkje kome opp igjen, seier han.

30 prosent dyrare

Taklo anslår at valutaendringa i 2014 auka kostnadane for Frislid Konfeksjon med 30 prosent. Etterpå har selskapet auka prisane smått om senn, men må likevel auke prisane ytterlegare fem-ti prosent om heile kostnadsauken skal dekkast inn.
Hadde Taklo visst kor lenge kronekursen skulle halde seg svak ville han handla annleis etter fallet i 2014.
- Då hadde vi vore kjappare ute med prisauke, seier han.
Men om prisane skal ytterlegare opp no er ikkje avgjort. Det kjem mellom anna an på utviklinga i valutakursen, der renteauke frå Norges Bank seinare i år kan bidra til ei gunstig utvikling for Frislid Konfeksjon.

God butikk

Frislid Konfeksjon er eigd av det finske konfeksjonskonsernet Turo Tailor. Selskapet produserer sitt eige klesmerke, men har og ein del produksjon for andre - såkalla "private label".

Frislid Konfeksjon eig og Frislid Herreekvipering. Det er eit datteselskap som driv butikk på Nordfjordeid, der det og blir seld Frislid-produserte bunadar.
I fjor haust opna Frislid Konfeksjon ein eigen butikk i Oslo. Den er ei avdeling i selskapet. Formålet med butikken er først og fremst marknadsføring og service, der selskapet får vist fram heile dresskolleksjonen sin.

Motbør for handel

Valutakursendringa som kom i 2014 er ein av grunnane til at det er blitt tøffare tider i varehandelen, skreiv Sparebank1 SMN i ein analyse i vinter.
Det blei dyrare å importere, mellom anna klede, og butikkane hadde tidleg i 2019 enno ikkje greidd å legge heile kostnadsauken over på kundane.
Saman med liten auke i folketalet, konkurranse frå nettbutikkar og liten reallønnsvekst gjorde det at banken i 2018 snudde i si vurdering av handelsnæringa og spår avtakande vekst, svakare lønsemd og fleire konkursar.

Løft for eksportbedriftene

Valutakursendringa i 2014 var ein stor fordel for eksportbedriftene, mellom anna i sjømatbransjen.
Konkurranseevna mot utanlandske bedrifter blei betra.
- I løpet at eitt og eit halvt år har vi tatt bort sju års ekstra lønnvekst, sa sjeføkonom Harald Magnus Andreassen (no Sparebank1 Markets, då Swedbank) til NETT No i november 2014.

Blant vinnare er reiselivsbedriftene. Valutaendringa gjorde det billegare for utlendingar å reise til Noreg og dyrare for nordmenn å feriere i utlandet.

Analytikarane bomma

Alt på den martimen næringa sin Klyngekonferanse i september 2016 spådde analytiker Gaute Langeland i Nordea Markets at valutafesten for eksportbedrifteren kunne vere over. Pilene i norsk økonomi peika oppover og Norges Bank signaliserte at renta kunne bli auka.

Men spådommen slo ikkje til, og så langt har utviklinga i valutamarknaden overraska både Taklo og analytikarane.
Vi har drøymt om at vi skulle kome tilbake til tilstanden før oktober 2014. I oktober 2014 tryna oljeprisen og då datt kronekursen og sidan har den ikkje kome opp igjen

Publisert: 19.05.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35