Merka mindre aktivitet i fjor
STRANDA: Opshaug Sandtak as på Stranda er ei maskinentreprenørbedrift som driv anleggsarbeid, mobile knuseverk, masseleveransar og produksjon av ferdigbetong mellom anna. Her er dagleg leiar og medeigar Lars Tore Opshaug. 
Nytt

Merka mindre aktivitet i fjor

Færre vegprosjekt og tøffare konkurranse gjorde at Opshaug Sandtak fekk eit svakare fjorår enn normalt. 

Kristin Vidhammer
18.07.2018
Opshaug Sandtak har hatt god vekst og lønsemd siste åra.
- Men færre utlysingar på vegprosjekt merkast no i bransjen, sa dagleg leiar Lars Tore Opshaug til NETT NO i fjor sommar.
Konkurransen i bransjen er hard og det har vore lite vegutlysningar siste åra.
- Vi hadde håpa at det vart fleire vegprosjekt med i statsbudsjettet, så det var skuffande. Det er massevis av mindre flaskehalsar på strekningar i regionen som skulle vore brukt pengar på, sa han vidare.
Les også:
Dei har normalt hatt høg aktivitet på betong, tunnel og veg. Men sidan tilgongen på større prosjekt er mindre no enn den var for få år sidan, er det større konkurranse på dei andre oppdraga i næringa.
- Utfordringa framover ligg dermed i å sikre nok arbeid og i tillegg ha god nok inntening, sa han vidare.

Eit lite underskot i fjor

Mindre arbeid og svakare inntening viste seg også i regnskapet til selskapet i fjor, noko også Opshaug påpeikte i fjor.
Dei samla driftsinntektene gjekk ned frå 102 millionar til 88 millionar. Resultatet før skatt vart eit underskot på 660.000 kroner, mot eit overskot før skatt på 7,3 millionar året før (sjå tabell).
Opshaug hadde i 2015 og 2016 mellom anna arbeid på siste byggjesteget med veg- og rassikring på strekninga Røyr-Hellesylt, noko som utgjorde omlag 40 prosent av omsetninga på 100-115 millionar i Opshaug desse åra.

Marknaden er i nordvest

I fjor kom kom 70 prosent av inntektene frå maskinentreprenørdrifta, 17 prosent kom frå masseleveransar og 13 prosent kom frå leveransar av ferdigbetong.
Marknaden er frå Sunnfjord i sør og opp til Moldefjorden, og der dei har både offentlege og private kundar. Dei samarbeidar gjerne også med større entreprenørar på større prosjekt.
Selskapet har god soliditet og god tilgong på likviditet.
Lars Tore Opshaug er andre generasjon i Opshaug Sandtak as, som er seksti år i år. Han eig selskapet 50/50 prosent saman med Jens Petter Opshaug.
Det var i fjor 42 årsverk iselskapet.

Publisert: 18.07.2018 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24