Meir venting for Geiranger
PLASS: Bengt Dahlberg i Geiranger Sjokolade var på jakt etter meir plass alt i 2016. Neste år kan næringsdrivande i Geiranger få avklaringa om kvar det byggast.
Nytt

Meir venting for Geiranger

Fylkesmannen har innvendingar mot reguleringsplanen for Geiranger og ventar at avklaringa frå departementet kjem først neste år.

24.09.2018
Mangel på reguleringsplan stikk kjeppar i hjula for forretningsdrivande i Geiranger, mellom anna å grunn av mangel på plass til å byggje.
Då NETT NO våren 2016 skreiv om trengselen i Geiranger hadde både Geiranger Bakeri og Geiranger Sjokolade behov for meir plass, men måtte sette utvidingar på is i påvente av ein ny reguleringsplan.

Klar med plan

I sommar hadde Stranda kommune fått klart framlegg til reguleringsplan, men Fylkesmannen i Møre og Romsdal har innvendingar, .
Innvendingane går mellom anna på plassering av barnehage og omsorgsbustadar. I november reknar Fylkesmannen med å vere ferdig og klar til å sende si tilråding til departementet.
Deretter kan i følgje Fylkesmannen det ta opp mot eitt år, medrekna synfaring i Geiranger, før Kommunal og moderniseringsdepartementet vil konkludere i saka, skriv Sunnmøringen.

Ras og flodbølgje

Det er faren for ras i Geiranger og flodbølgje i fjorden frå eit eventuelt ras frå Åkeneset som gjer at det er liten plass å bygge på i Geiranger.
Med ein plan på plass kan det opnast opp for bygging også i område som er flodbølgjeutsett i kombinasjon med varsling og evakueringsplanar.

Publisert: 24.09.2018 13:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26