Meir vekst med utvida satsing
VEKST: I 2015 selde Nils Per Sjåstad og kollegaene i Stadpipe for 34 millionar kroner. I fjor var driftsinntektene 93 millionar kroner. Denne veka har Sjåstad møtt nye og gamle kundar på oppdrettsmessa Aqua Nor.
Nytt

Meir vekst med utvida satsing

Stadpipe har gått frå produkt- til  systemleverandør. Det gir auka sal og fleire folk på lønningslista.

23.08.2019
Etter at Stadpipe i 2015 fekk jobben med å levere heile rørsystemet til Mowi sitt nye settefiskanlegg i Dalsfjorden i Volda bestemte selskapet seg for å ta steg frå å vere ein leverandør av rør, til å også teikne og levere heile rørsystema.
-Det er krevande å gå det steget, seier dagleg leiar og medeigar Nils Per Sjåstad. Han eig selskapet saman med Kurt Sjåstad.
Alternativet var å halde fram som ein underleverandør av rør, som andre brukte i sine rørsystem. Det ville ikkje gitt vekst, heller tvert om, etter Sjåstad si vurdering.

Skaper aktivitet

Dei positive ringverknadane av å satse på å vere ein systemleverandør i staden for ein reindyrka produktleverandør er større, også for samfunnet rundt bedrifta, meiner Sjåstad.
- Ved å gjere det kan du tilsette meir folk og skape større aktivitet, seier han.
Stadpipe har base på Leikanger på Stadlandet, med ein arbeidsstokk på 46. Ti arbeider på avdelinga i Bergen, resten ved hovudkontoret.
Veksten og satsinga på å bli ein systemleverandør har blant anna vore råd ved å bygge på kompetansen hos tilsette som allereie var i bedrifta.
- Vi har folk i organisasjonen som har gått frå å vere nede i grøfta og som no sit og prosjekter, seier Sjåstad.

Utvidar

I løpet av dei tre siste åra anslår Sjåstad at Stadpipe har investert cirka 10 millionar kroner i bygg og utstyr for å utvide kapasitet. Då er ei pågåande utviding av produksjonshallen rekna med.
Stadpipe hadde 34 millionar kroner i driftsinntekter i 2015 og vaks til 89 millionar kroner i 2017. I fjor var driftsinntektene 93 millionar (sjå tabell).
Sjåstad seier oppdraget selskapet fekk med Mowi i 2015 opna nye dører.
- Det har gjort at vi har fått jobb med fleire store aktørar, seier han.
Vi har folk i organisasjonen som har gått frå å vere nede i grøfta og som no sit og prosjekter

Publisert: 23.08.2019 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38