Meir strid i vente
HOVUDBRY: Fiskarane har grunn til å glede seg over utvikling i fisket, men gode resultat gjer og at generasjonsskifte og konfliktar blir meir utfordrande å løyse.
Nytt

Meir strid i vente

Det er små sjansar for at aksjonærstriden i fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish på Valderøya blir den siste i sitt slag.

20.01.2019
ANALYSEI Nordic Wildfish er styreleiaren bytta ut etter at to av aksjonærane - med til saman 65 prosent av aksjane - kravde ekstraordinær generalforsamling. Førebels er det ikkje kjent kva som eventuelt kjem av endringar, men dagleg leiar og minoritetsaksjonær Tore Roaldsnes sa før generalforsamlinga at han er budd på at han blir skifta ut.Investeringar i ny teknologi, mellom anna levandelagring av trålfangsten ombord, og ombordforedling av restråstoff, har sikra Nordic Wildfish mykje omtale og ros. Men samstundes som selskapet har tatt i mot prisar for satsinga si har aksjonærane hatt ein strid gåande. Den har førebels ført til at Håkon Raabe gjekk ut av styret og Sunnmørsposten-direktøren Per Einar Storhaug kom inn. Korkje Raabe eller Storhaug er medeigarar i selskapet.97 prosent av aksjane er eigd av tre medlemar av Roaldsnesfamilien; to brør og ein fjernare slektning.Undervegs er det blitt laga verdianslag som viser at selskapet har ein verdi på ein til 1,5 milliardar kroner. Store verdiar er stikkordet i slike saker. Det er først og fremst verdiane av fiskekvotane som gjer fiskebåtreiarlaga så mykje verdt. Takka vere auka lønsemd i fisket har verdien på fiskekvotane stige og stige, år etter år. Først kom verdistigninga i ringnotflåten, som fiskar sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag. Etterkvart som lønsemda skaut i veret også i fisket etter torsk, sei, hyse og andre kvitfiskartar, vart også kvotane i dei fiskeria gullkanta. Medeigarar i fiskebåtreiarlag har kome litt i same situasjon som normalinntektsfamiliar med hytte i eit attraktivt område ved sjøen på Sørlandet. Når det er tid for generasjonsskifte er det ingen av arvingane som har råd til å kjøpe ut dei andre. Slik er det i mange fiskebåtreiarlag og.Den openberre løysinga på konfliktar mellom aksjonærane i eit fiskebåtreiarlag er at nokon kjøper ut resten, og driv vidare. Men som verdianslaget for Nordic Wildfish viser, så kan det blir svært kostbart, så kostbart at eventuelle interne kjøparar ikkje maktar å kjøpe ut resten. Dei som eventuelt vil selje, kan på si side vurdere at eventuelle bod frå andre aksjonærar blir for dårlege samanlikna med å selje seg ut til andre. Sigurd Teige kjøpte i fjor ringnotbåten Haugagut frå Drønen Havfiske i Hordaland, ein transaksjon som kom som ein del av eit generasjonskifte i Drønen Havfiske. Prisen på Haugagut og kvotane som blei med på kjøpet er ikkje opplyst, men i følgje Bergens Tidende ville Drønen Havfiske ha 850 millionar kroner då båten blei lagt ut for sal.Brørne Tore og Agnar Lyng skilde lag i fiskebåtreiarlaget Torbas i fjor, etter eit forlik. Kva forliket gjekk ut på er ikkje kjent, men NETT NO har anslått at verdiane av fiskekvotane til Torbas er rundt ein halv milliard kroner.Ein grunn til at verdien på fiskekvotane er blitt så høge er at aktørar som alt er inne i fiskeribransjen er viljuge til å betale langt meir enn avkastninga skulle tilseie.Fiske er lønsamt, men ikkje så lønsamt at det forsvarar å kome inn i næringa ved å kjøpe seg ein trålar eller ringnotbåt, og så store kvotar som båten maksimalt får lov å ha. Men om du eig eit reiarlag som allereie sit med kvotar som er opparbeidd - ikkje kjøpt - i tidlegare generasjonar, er reknestykket eit anna. Då kan gjennomsnittskostprisen på alle kvotane dine bli relativt lav, sjølv om ein del av dei er kjøpt dyrt. Med eit slikt utgangspunkt kan det vere fornuftig å kjøpe, mellom anna for å få auka kapasitetsutnyttinga i reiarlaget,Prismekanismen på fiskekvotane favoriserar dermed store og etablerte aktørar - og gjer dørstokken inn i næringa høgare å kome over for nye aktørar. I tillegg er den altså også ei utfordring ved generasjonsskifte. Kvoteprisane er blitt så høge at det er eit argument for å innføre ressursrenteskatt, ein skatt på å få utnytte naturressursane, etter mønster frå olje-og vasskraftindustrien. Det meiner Dekan Kathrine Tveiterås ved Universitetet i Tromsø.Ei slik skattlegging meiner ho kan bidra til å stoppe veksten i prisen på fiskekvotar, ein vekst som gjer det stadig meir kapitalkrevjande å kome inn i fiske og å overta fiskebåtreiarlag ved generasjonskifte.

Publisert: 20.01.2019 06:00

Sist oppdatert: 09.03.2021 11:12