Meir smaajobbar i fjor
STØRRE AKTIVITET: Færre store oppdrag gjorde at aktivitesnivået fall for Jon Grebstad og kollegaene i Volda Maskin i fjor.
Nytt

Meir småjobbar i fjor

Færre store oppdrag gjorde tidshorisonten kortare og krympa inntektene for Volda Maskin i fjor.

26.06.2019
I år meiner dagleg leiar og eigar Jon Grebstad i entreprenørselskapet at aktivitetsnivået er på veg opp, og venter vekst samanlikna med 2018.
Selskapet fekk i fjor ei større kraftutbyggingskontrakt i Sunnfjord som gir arbeid for rundt 25 prosent av arbeidsstokken til sommaren 2020 og er i gong med forarbeidet til veg- og tunnelbygging mellom Blakset og Flo i Stryn.
Volda Maskin vart i fjor heidra med to prisar for lærlingepolitikken sin. Av arbeidstokken på 74 er det ni lærlingar og over ein tredjepart av dei tilsette har vore lælrlingar i bedrifta.

Publisert: 26.06.2019 12:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36