Meir jobb til Ulstein arbeidarane
ULSTEINVIK: Skroget til det neste Lindblad-skipet som skal til utrustning ved Ulstein Verft, kom til Ulsteinvik torsdag ettermiddag.
Nytt

Meir jobb til Ulstein-arbeidarane

Skroget til eit nytt cruiseskip som skal utrustast ved Ulstein Verft, er kome til kai.

Marius Rosbach
22.10.2020
Skipet som skal få namnet Nathional Geographic Resolution, er systerskipet til eit allereie ferdig skip som ligg til kai ved verftet i Ulsteinvik.
Slepet ankom Ulsteinvik ved 17-tida torsdag.

Skal koste minst 1,2 mrd.

Grunna koronapandemien har ikkje operatøren Lindblad Expeditions teke i bruk sitt nyaste skip. Prislappen på det ferdige skipet skal vere på kring 1,2 milliardar.
No får uansett verftsarbeidarane ved Ulstein nok å gjere i tida framover.
Skroget som kom til Ulsteinvik torsdag, er bygd ved Crist-verftet i Polen.

Isklassa for polare farvatn

Skipet er 124 meter langt og 21 meter breitt. Om bord blir det plass til 126 passasjerar og eit mannskap på 112 personar. Reiselivsveterane i National Geographic marknadsførar allereie turar med det første skipet.
Begge skipa er bygd for ekspedisjonseglaser med isklassa PC5. Det betyr at de kan segle under bestemte isforhold heile året i polare farvatn.
Tidlegare er det annonsert opsjon på eit skip nummer tre, men det er ikkje kjent om dei planane blir gjennomført.

Les også:



2019-resultatet:


Publisert: 22.10.2020 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03