Meir fisk til lavare verdi
FISKE: Norske fiskarar landa fisk for 18 milliardar kroner i 2017. Silde-og makrellprisane gjekk ned, medan prisen på torsk og hyse gjekk opp.
Nytt

Meir fisk til lavare verdi

Sjølv om fangstmengda auka kraftig, steig ikkje førstehandsverdien for norsk fisk i fjor. Spesielt trekte pelagisk sektor ned.

11.01.2018
Dette viser t sin statistikk, som no er klar.
Totalt landa norske fartøy fisk til ein totalverdi på over 18 milliardar kroner i fjor. Dette er på same nivå som i 2016.
Sjølv om det vart landa 32 prosent meir pelagisk fisk som sild, makrell og lodde i fjor enn i 2016, gjekk førstehandsverdien i pelagisk ned med elleve prosent.
For sild vart det omsett for 2,2 milliardar kroner, ned frå 2,1 milliardar året før. Dett skjedde samstundes som fangstmengda gjekk opp frå 351.000 tonn til 526.000 tonn.
For makrell auka fangstmengda frå 210.000 til 221.000 tonn, men samla verdi gjekk ned frå 2,4 til 2,1 milliardar kroner.

Prisvekst for hyse og torsk

Derimot har det vore motsett utvikling for torsk og hyse.
Landa kvantum av torsk er uforandra, mens kvantum av hyse auka med 3 prosent og kvantum av sei med 15 prosent frå 2016 til 2017.
For torsk og spesielt hyse har det vore ei positiv prisutvikling frå 2016 til 2017.
Totalt vart det i 2017 landa 412.000 tonn torsk til ein samla verdi av 6,7 milliardar kroner.

Mindre krabbe

Også gjennomsnittsprisqne på landingar av krabbe inkludert snøkrabbe og kongekrabbe har fortsatt å stige også i 2017.
Men på grunn av ein kraftig nedgang i landa kvantum av krabbe og kongekrabbe i 2017 har likevel den totale verdien for «Skalldyr og bløtdyr» gått ned i forhold til toppane i 2015 og 2016.
Antarktisk krill, som er det største fiskeslaget i landa kvantum i denne gruppen, held seg derimot stabilt.

Publisert: 11.01.2018 09:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17