Meir enn doblar satsinga på reiselivet
SATSAR MEIR: Torstein Holsvik (i forgrunnen) er dagleg leiar og medeigar i Cruise Service, som i fjor kjøpte sine først båt. No har dei kjøpt ein til. I bakgrunnen skipper og medeigar Svein Peder Vågnes. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Meir enn doblar satsinga på reiselivet

I fjor kjøpte dei den gamle passasjerbåten "MS Bruvik". Til årets sesong kjem den nyoverhalte og oppussa katamaranen "Gabrielle". Har planar om meir.

12.04.2019
Reiarlaget Cruise Service har nettopp kjøpt passasjekatamaranen "Gabrielle" for å sette den inn i turisttrafikk frå slutten av mai.
Planen er å ha base i Ålesund og gå sightseeingsturar med passasjerar frå cruisebåtane i cruisesesongen, blant anna i Hjørundefjorden og til Ona.
Båten er fullbooka for sesongen, seier dagleg leiar og medeigar Torstein Holsvik.

Brønnbåt og Optimar-pengar

Holsvik gjekk inn i reiselivsbransjen i fjor etter at han selde seg ut av dykkerfirmaet Frøy Vest. Første investering for Cruise Service, der han er medeigar og dagleg leiar, var 1949-bygde "MS Bruvik". Den tidlegare fjordabåten i Hordaland blir utleigd til arrangement, bedriftsturar og i turistmarknaden. No kjem altså ein reindyrka sightseeingsbåt.
Og i løpet av året kjem Cruise Service til å gjere ytterlegare investeringar, seier Holsvik.

Med seg i Cruise Service har Holsvik Sølvtranssjef Roger Halsebakk, tidlegare Optimar-medeigar Frode Kjølås, Kåre Molvær og skipper på "MS Bruvik", Svein Peder Vågnes.

60 millionar

Til saman har Cruise Service så langt investert cirka 60 millionar kroner i tre farty sidan starten i fjor, i følgje Holsvik. I tillegg til "Bruvik" og "Gabrielle" kjøpte reiarlaget ferja "Gjemnes" i januar. Den fraktar lastebilar med avfall frå Holmestrand til avfallsselskapet Noah sitt avfallsdeponi på Langøya.
Nett no er "Gabrielle" på skipsverftet Fjellstrand. Verftet skal mellom redusere talet på sitteplassar, frå rundt 300 til 200 plassar, for å gjere katamaranen om frå eit reindyrka passasjerrutefarty til eit sightseeingsfarty.

Kvalsafari

I vintersesonger er planen å flytte "Gabrielle" nordover og leige den ut til kvalsafari.
Kvar utgangspunktet for kvalsafari blir er førebels ikkje avklart.

Publisert: 12.04.2019 11:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33