Meir arbeid for Island Drilling
RIGG: Meir arbeid i Nordsjøen for Island Innovator.
Nytt

Meir arbeid for Island Drilling

Skal bore opptil fire brønnar i Nordsjøen.

13.12.2019
Den delvis Ulstein-eigde boreriggen Island Drilling har fått kontrakt med OMV Norge om å bore ein brønn på lisens 644, som ligg nær Åsgård-feltet i Nordsjøen.
Dette opplyser Island Drilling Company i ei pressemelding.
I tillegg har selskapet inngått avtale om opsjon på å bore opptil tre brønnar andre stader i Nordsjøen.
Arbeidet skal gjennomførast i andre og tredje kvartal neste år, og Island Drilling Management har fått ansvaret for gjennomføringa.
Island Drilling Company opplyser at dei er takknemlege for å ha fått dette oppdraget.
Riggselskapet har tre hovudeigarar, Trond Mohn i Bergen, Chouestfamilien i USA og ei grein av Ulsteinfamilein i Ulsteinvik.
Dei er også partnarar i offshorereiarlaget Island Offshore.

Publisert: 13.12.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47