Meiner varemerket for norsk fisk blir misbrukt
VIL HA ENDRING: Utanlandske fiskarar bør ikke få bruke merket "Seafoods from Norway", meiner styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest (på talastolen) og oppmoda fiskeriminister Harald Tom Nesvik (i profil) til å ta grep.
Nytt

Meiner varemerket for norsk fisk blir misbrukt

Russiske og EU-fiskarar kan selje fangsten under varemerket "Seafood from Norway". Det vil Paul Harald Leinebø ha slutt på.

07.12.2018
Ved å få fisken registrert som fanga i Noreg kan utanlandske reiarlag og fiskar bruke merket "Seafoods from Norway".
Styreleiar Paul Harald Leinebø gjekk til åtak på denne ordninga i årsmøtetalen til Fiskebåt Vest i Loen i dag.
- Er det greitt at andre land så lettvint skal få selge fisken sin på denne måten, og surfe på vårt omdømme? Her er det alvorlege kvantum fisk frå Barentshavet som for kundane vert omgjort til norsk. I tillegg har vi produsentane i Norge som også bruker «Seafood from Norway» på meir og mindre alt dei produserer, anten det kjem frå norske båtar eller ei, sa Leinebø i talen.

Manglar kontroll

Leinebø peika på at dagens system mellom anna gjer det råd få stempelet "Seafood from Norway" sjølv om fisken er fiska i strid med korleis Noreg meiner fisket skal forvaltast.
- Kva gjer vi med den fisken som eventuelt er fanga i strid med våre meiningar? For eksempel blåkveita frå Smuttholet? Dei 2000 tonna EU tilegna seg sjølve? Mest sannsynleg er deler av denne landa i Norge og levert til EU som «Seafood from Norway»-produkt. Er dette rett?, spurde Leienbø.

Ikkje juks

Leinebø understreka at han ikkje skuldar nokon for å jukse, det er systemet han vil nedre på, og retta oppmodinga til fiskeriminister Harald Tom Nesvik, som lytta til talen frå første rad.
- Statsråd. Eg føler vi må ha ein diskusjon om begrepet "Seafood from Norway", sa Leinebø.

Publisert: 07.12.2018 14:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29