Meiner kolet ikkje har utspelt si rolle
TUSSA: Kraftanalytikar Tor W. Havåg
Nytt

Meiner kolet ikkje har utspelt si rolle

Kina byggjer ned kolforbruket, men kraftanalytikar meiner at kolet framleis vil vere viktig for prisen på nordisk kraft.

02.09.2019
Spotprisen i Midt-Norge var siste veka på 35 øre/kWh, eit halvt øre meir enn veka før. Samstundes fyllest magasina gradvis opp frå eit tidlegare lavt nivå.
Dette går fram frå siste vekesrapporten til kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi.
Selskapet opererer no med fastprisar ut året på 39,03 øre/kWh, og for 2020 på 38,49 øre/kWh.

Ser mot India

Havåg skriv at kolmarknaden globalt vil vere svært avgjerande for prisen på europeisk og nordisk kraft.
Dette trass i at Kina no prøver å byggje ned kolforbruket gjennom satsing på fornybar energi.
Mange kolprodusentar i aust har difor kasta augene sine på India, som har stor vekst i folketal og økonomi.

Mot solnedgangen

Havåg viser til at i India veks kolforbruket raskt, og at det er store investeringar i innanlandsk kolproduksjon, dette trass i at det i India er store miljøutfordringar.
Havåg meiner at det som vil avgjere prisutviklinga for globalt kol er nettopp om India og andre framveksande økonomiar lukkast med eigen kolproduksjon, samt kor vidt ein lukkast å utvikle alternativ energi på heimebane.
Sjølv om kolet er på veg inn i solnedgangen, meiner Havåg at kolet likevel ikkje har utspelt si rolle.

Publisert: 02.09.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39