Meiner hyttekommunar maa faa meir statlege kroner
HYTTEKOMMUNE: Stranda er ei populær hyttekommune, her frå Strandafjellet.
Nytt

Meiner hyttekommunar må få meir statlege kroner

NHO meiner at det er på tide å sjå på dei statlege overføringane til hyttekommunar.

07.08.2020
NPK: Kommunar får ikkje statlege pengar basert på kor mange hytteinnbyggjarar dei har, men tilreisande har krav på mykje av dei same tenestene som fastbuande. NHO meiner det er på tide å sjå på fordelinga.
– Ein kommune utan hytter med 200 innbyggjarar, får omtrent det same i overføringar som ein kommune med 200 innbyggjarar og 40.000 hytteinnbyggjarar, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til .
Ho trur folk i framtida vil bruke hyttene sine endå meir. Krohn Devold meiner derfor det er på tide å sjå på korleis staten fordeler pengar kommunane skal bruke på infrastruktur og offentlege tenester.
– Det bør vere ein betre balanse mellom kor folk oppheld seg, og kor dei legg igjen pengane sine og også kva tilbod kommunane er i stand til å gi sine hytteinnbyggjarar, seier ho.
Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Raymond Robertsen (H), seier det å endre på statlege overføringar basert på kor folk oppheld seg, er vanskeleg.
– Vi har ikkje noko system som registrerer kor folk oppheld seg til kvar ei tid, og det er ikkje sikkert at vi ønsker å ha eit slikt system heller, seier Robertsen.

Publisert: 07.08.2020 20:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00