Meiner det er for tidleg aa kreve lukka merdar
Nytt

Meiner det er for tidleg å kreve lukka merdar

Fleire stadar har lokalpolitikarar sagt nei til meir fiskeoppdrett i opne merdar. Men teknologien er ikkje kommen langt nok, meiner Nofima-forskar.

23.10.2019
(NPK): – Norske styresmakter har mål om å auke lakseproduksjonen betrakteleg, og den veksten kan ikkje berre skje i lukka eller delvis lukka anlegg. Til det er det for kostbart og komplisert, seier seniorforskar Åse Maria Espmark i Nofima til
Lokalpolitikarar som stiller krav, får støtte frå Naturvernforbundet som hevdar lukka merdar er einaste fornuftige teknologi. Generalsekretær Maren Esmark meiner teknologien vil komme når etterspørselen blir stor nok.
– Viss ein ikkje skaper etterspørselen, kjem vi heller ikkje vidare. Vi treng absolutt kommunar som stiller krav, seier ho.
Oppdrettsorganisasjonen Sjømat Noreg meiner derimot at det er problematisk at enkeltkommunar stiller særskilde krav til oppdrett i sitt område. Kommunikasjonssjef Øyvind Haram vil at ekspertar frå Havforskingsinstituttet og andre nasjonale organ skal ta stilling til korleis oppdrett kan drivast på ulike stader. (©NPK)

Publisert: 23.10.2019 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42