Meiner at tariffsystemet maa fornyast
OSLO: NHO-sjef Ole Erik Almlid etterlyser fornying av tariffsystemet.
Nytt

Meiner at tariffsystemet må fornyast

NHO meiner norsk næringsliv står overfor ein ryddejobb i tariffsystemet, og dei meiner det bør fornyast i møte med «den nye økonomien».

18.11.2019
NPK-NTB: – Vi må ta innover oss at fleire selskap i tida framover kan komme til å synast det er utfordrande å finne sin plass i tariffsystemet.
- Tida er i ferd med å springe frå oss, og det er eit behov for fornying, seier administrerande direktør Ole Erik Almlid i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) til .
Almlid meiner det er fare for at det norske tariffsystemet kan risikere å bli irrelevant i møte med det han kallar «den nye økonomien».
– Når vi ser kva for type bedrifter vi kjem til å skape i tida som kjem, så kjem det til å bli ei utfordring. Då må vi sørge for å gjere jobben vår og forsikre at tariffsystemet, som står veldig sterkt, held fram med å vere relevant, seier NHO-sjefen.

- Går begge vegar

LO-leiar Hans Christian Gabrielsen understrekar kor viktig det er å ha tryggleik gjennom gode vilkår. Han seier at det grunnleggande behovet til arbeidstakarane ikkje blir endra, sjølv om teknologi og organisering endrar seg.
– Tariffavtalane er ikkje statiske dokument. Dei har endra seg over tid, for å tilpasse seg endringar og behov i arbeidslivet, og vil endre seg òg i framtida. Behova for endring går begge vegar, seier Gabrielsen.

Publisert: 18.11.2019 09:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44