Meiner at flyteringen hadde store manglar
VOLDA: Cermaq-advokat Anders W. Færden saman med Snorre Jonassen, regiondirektør Nordland for Cermaq og sakkunnig vitne Alf Jensen.
Nytt

Meiner at flyteringen hadde store manglar

Cermaq meiner at svakheit ved flyteringen var årsaka til Aquadomen havarerte, og ikkje ekstremveret Ole.

24.09.2018
No krev selskapet 14,3 millionar frå Norpartners og MSC.
Rettssaka mellom oppdrettsselskapet Cermaq Norway og Norpartners frå Fosnavåg og MSC frå Måløy starta i Søre Sunnmøre tingrett måndag.
Saka dreier seg om kven som hadde skulda for at den lukka oppdrettsmerda Aquadome havarerte 7. februar 2017.

Skuldar på Ole

Cermaq krev erstatning frå både Norpartners og MSC, medan MSC på sin side krev erstatning frå Cermaq, subsidert at Norpartners er regressansvarleg overfor MSC om retten landar på at det var snakk om produksjonsfeil.
MSC og underleverandør Norpartners meiner uansett at ekstremveret Ole hadde skulda, samt at det var svakheiter ved arbeid og prosjektstyring hos Cermaq.
Heile prosjektet var eit forskings- og utviklingsprosjekt (IFU) der ei rekkje selskap var involvert, inkludert Måløy-selskapa Easyform, Brothers og Cens, samt SIA Norplast, som er Norpartners sitt latviske produksjonsselskap.

- Luft i laminatet

Under innleiingsprosedyren brukte Cermaq-advokat Anders W. Færden mykje tid på å forklare at det var feil ved flyteringen som går rundt Aquadomen som var årsak til havariet.
Færden meinte at det var ein grunnleggjande feil ved flyteringen, ein ring som var bygt av kompositt.
- Glasfiberarmeringa var lagt feil veg, slik at det under produksjonen skjedde ei omfattande lagdeling.
- Når Aquadomens fiberretning var på tvers av flyteringens lengderetning, resulterte dette i at flyteringen vart sprø når han vart utsett frå bølgjer, sa han.
Han meinte at det var luft fleire stader i laminatet i flyteringen, og at dette skuldast menneskeleg produksjonsfeil hos Norpartners.
I tillegg meinte han også at det var feil ved liming og bolting av flyteringen.

- Små bølgjer

Norpartners og MSC har derimot hevda at det var dei store bølgjene under ekstremveret som var årsak til havariet.
- Cermaq meiner at Aquadomen ikkje var utsett for større bølgjer enn domen skulle tole, sa Færden, og viste til undersøkingar frå Aquaplan/NIVA som slo fast at på 50-årsbasis var største signifikante bølgjehøgde på 1,5 meter i området i Horsvågen i Lyngen der Aquadomen var plassert.
- Under Ole 7. februar 2015 var bølgjehøgda etter vårt syn eit godt stykke under dette, sa Færden og viste fleire videoar frå ulukkesdagen for å understøtte dette.

- Insolvent

Cermaq meiner at Måløy-selskapet MSC er insolvent, men at styremedlemane Pål Ring, Ivar Gaustad, Robert Riis og Trond Leithe er solidarisk ansvarlege for erstatningssummen om MSC vert dømd.
MSC har fleire aksjonærar, men største eigarar er Ivar Gaustad-selskapet Norpartners og Gunnar Carlson-selskapet Brothers.
Det er sett av fem dagar til rettssaka. Rettsadministrator er domarfullmektig Margrethe Brautaset.

Publisert: 24.09.2018 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26