Meiner at ein no har kontroll paa luseproblema
VOLDNES: Mowi har slakta to merder med laks, i tillegg til å fjerne lus med hydrolicer ved oppdrettsanlegget Voldnes i Voldsfjorden.
Nytt

Meiner at ein no har kontroll på luseproblema

Mowi har slakta mesteparten av oppdrettslaksen på Folkestad, og har slakta to merder på Voldnes.

11.10.2019
- Det er ein serie av uheldige omstende som er årsak til dei store luseproblema vi har hatt i Voldsfjorden.
Det seier regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi etter at selskapet har brukt store ressursar i kamp med lakselusa ved oppdrettslokaliteten Rønstad ved Folkestad.

Berre ungfisken att

Trass i behandling med optilicer og andre tiltak, måtte Mowi til slutt slakte mesteparten av fisken.
- Det er no att berre to merder med ungfisk. Denne fisken veg rundt to kilo, seier Hasund.

Også ved lokaliteten Voldnes ved Gurskøya lenger ute i Voldsfjorden har det pågått omfattande lusebehandling, her ved hjelp av hydrolicer.
Her er det slakta fisk frå to merder.
- Det er ingen dramatikk bak dette. Denne fisken var litt svakare enn resten av fisken, og vi valde å slakte, seier Hasund.

Brønnbåt på grunn

Han meiner at ein varm haust er ei av årsakene til dei store problema med lakselus i år.
Men han seier at ein i år også kom litt seint i gang med lusebehandlinga.
- Blant anna gjekk ein brønnbåt vi hadde bestilt på grunn, og ein annan båt vart ikkje levert i tide.
Etter det NETT NO kjenner til var det brønnbåten «Aqua Kvaløy» som selskapet hadde bestilt, men denne gjekk på grunn i Solund i Sogn og Fjordane tidleg i september.

Lakserømming

Det er joint venture-gruppen DESS Aquaculture Shipping som eig båten, som var på kontrakt for Mowi.
I tillegg til luseproblema, har det også vore rømming av fisk både frå Folkestad-anlegget og frå Voldnes.
Asgeir Hasund seier at det er avgrensa mengder laks som har rømt.
- Dette var ekstra uheldig, men vi meiner at det ikkje er store mengder laks som har rømt.

Fekk 48 oppdrettslaks

Ein lokal hobbyfiskar i Sande fekk 48 oppdrettslaks på garn sist veke.
- Ja, heldigvis hadde han garn ute ikkje så langt frå anlegget ved Voldnes, seier Hasund.

Han vil ikkje opplyse kor mykje pengar lusekampen har kosta Mowi.
- Dette får vi kome tilbake til ved neste kvartalsrapport.

Publisert: 11.10.2019 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41