Meiner Vestkapp kan verte like stort som Nordkapp
VESTKAPP: Liv Koller-Borg og medinvestorane har store planar for Vestkapp.
Nytt

Meiner Vestkapp kan verte like stort som Nordkapp

16 år gamal flytta ho heimanfrå, og såg seg ikkje tilbake. Før no. Liv Koller-Borg har store planar for Vestkapp.

25.12.2019
- Dette kan verte like stort som Nordkapp, kanskje større. Der har dei trass alt klart å øydeleggje mykje med eit Scandic-hotel midt oppe på platået.
Vi treff 49-åringen på Kjerringa, eller Vestkapp, som ho helst kallar platået ytst ute på Stad-halvøya.
For no skal merkenamnet Vestkapp utviklast.
- Vi skal byggje ut i pakt med naturen. Her skal vi ikkje ha ein brei veg opp eller nokon stor parkeringsplass på toppen med masse turistbussar.
- Nei, tanken er at cruiseturistar og andre skal bussast opp dei siste kilometerane med ein elbuss eller annan miljøvenleg transport.

Stad skipstunnel-effekt

Og på toppen vil dei få ei fantastisk utsikt over det farefulle Stad-havet, sydover mot Ervika, Kråkeneset og Bremanger, og nordover mot Sørøyane og Nordøyane, så langt ein kan sjå, og austover mot brear og høge fjell.
- Kjem du langt nok ut mot kysten har du større og lenger utsyn enn om du står på dei høgste fjelltoppane i Norge. Dette vil folk sjå og oppleve, seier Koller-Borg.
Ho håper sterkt på at Stad skipstunnel vert bygt, og at mykje aktivitet vil følgje i dragsuget av dette unike prosjektet.
Saman med sin sveitsiske ektemann Pascal Koller, Florida-baserte Olav Refvik og Kristina Leknesund Myrseth, har ho kjøpt to tomter på totalt sju mål på Vestkapp.
- På den eine sida har vi naturreservat og friluftsomåder, på den andre beitemark, og det går heilt fint, seier Koller-Borg.

Vil ha 10-15 landskapsrom

Kristina Leknesund Myrseth driv dagens restaurant. Den utdanna kokken har flytta heim frå Bergen til Selje, og satsar på matservering med lokale råvarer på Vestkapp.
- Det er berre så bra at ungdom flyttar tilbake og utviklar regionen. Planen er at vi skal skape meir aktivitet som får fleire til å ville flytte hit eller ganske enkelt å bli buande, seier Koller-Borg, som er medspelar og medinvestor.
På idéskissa ligg også bygginga av eit opplevingssenter, og ikkje minst 10-15 landskapsrom for overnattingsgjester.
- Dette vert små bueiningar spreidde utover. Vi ser føre oss at dei vert bygde i stein og med store vindu med utsikt mot havet. Tenk å kunne vakne opp i eit slikt rom midt ute på Vestkapp!

- Perler på rekke og rad

Liv Koller-Borg er også sentral i bygginga av nye Selje hotel, ho har engasjert seg i styringsgruppa for Selja kloster og dreg i ei masse trådar frå sin nye base i tidlegare Galleri Amdam i Selje.
Her bur familien når dei ikkje er i Zürich i Sveits, der paret har budd dei siste åra.
- Det vert mykje Selje og Vestkapp framover, kanskje også permanent. Heldigvis brenn også Pascal for denne regionen.
- Her er perler på rekke og rad. Det gjeld berre å synleggjere dei på ein god og berekraftig måte, til det beste for alle som bur her i regionen.

Oppdrag over heile verda

Liv Koller-Borg har levd eit hektisk liv etter at ho som 16-åringen flytta frå Åheim, der ho vaks opp.
Utdanninga som siviløkonom vart tatt i Tyskland, seinare ein master i internasjonal finans i Rotterdam, før det vart jobb for Arthur Andersen-konsernet, først som finansrådgivar, basert i London.
- Eg hadde oppdrag over heile verda, som USA, Kazakhstan, Malaysia, Korea og Island.
Spesielt var det selskap med økonomiske og andre utfordringar som vanylvskvinna fekk i oppdrag med å hjelpe.
Deretter vart det jobb i Deloitte, også i London, og seinare det sveitsiske reassuranseselskapet Swiss Re med base i den sveitsiske finanshovedstaden Zürich.
Undervegs hadde ho møtt mannen Pascal, som også var finansrådgivar, og saman har dei fått to barn med dei Selja kloster-inspirerte namna Sunniva og Mathias.

Karriærekvinne

Liv Koller-Borg legg ikkje skjul på at ho var ei typisk karriærekvinne til ho var i midten av 30-åra.
- Eg likte å få stadig nye utfordringane og jobba knallhardt, budde i City of London og i Park Avenue i New York og omgjekk verdas finansfolk.
- Men etter at eg fekk barn har eg roa meg gradvis ned.
Ho seier at ho er i ei ny livsfase no, og saknar ikkje jaget og stresset frå finansverda, sjølv om ho framleis held eit høgt tempo.
- Eg ønskjer å gi noko tilbake til lokalsamfunnet der røtene mine kjem ifrå. Eg har trass alt besteforeldre frå Borgundvåg ytst på Stad og frå Flo indst i Stryn, slik at eg har det beste frå både indre og ytre Nordfjord.
- Eg brenn for heile regionen, og har lyst til å skape noko som vil gi positive ringverknader.

Selje Havhotel

Utbygginga av Vestkapp skal koplast tett opp til utbygginga av nye Selje havhotel, der Koller-Borg er medinvestor og styreleiar.
Også her er det spenstige planar, der naturen skal integrerast med hotellet.
- Det nye hotellet vert ein base for ulike opplevingar og pakketurar, men Vestkapp vert uansett prikken over i-en.
I pakkane kan det inngå aktivitetar som surfing, padling, klatring, sykling, fisking, dykking, øyhopping eller rett og slett avslapping.
- Berre sjå for deg eit bryllaup der ein kan ha mottakinga i Selja kloster, vigsle i Ervik kapellet, lunsj på Vestkapp og middag på havhotellet i Selje. Betre kan det knapt verte!

Vil ikkje ha vindmøller

Den heimvende karriærekvinna er raus med superlativa om Vestkapp og regionen rundt, med eitt unntak.
- Det er heilt forferdeleg at ein har sagt ja til vindkraftutbygging i Vågsøy.
- Turistane som ser vindmøllene utover mot Kråkeneset vert heilt sjokkerte. Det same vart eg.
- Dette er forsøpling av naturen der ein gjer turistperlene våre til industriområde. Rett og slett hårreisande korttenkt, og fleire slike anlegg må vi ikkje få her i regionen.
Berre sjå for deg eit bryllaup der ein kan ha mottakinga i Selja kloster, vigsle i Ervik kapellet, lunsj på Vestkapp og middag på havhotellet i Selje

Publisert: 25.12.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46