Meiner Noreg har fordel ogsaa paa land
PODCAST: Ingegjerd Eidsvik i Artec Aqua og Håkon André Berg i Salmon Evolution er gjestar i nyaste episode av podcasten Podium.
Nytt

Meiner Noreg har fordel også på land

Norsk oppdrettsnæring har ein fordel også innan landbasert oppdrett, seier Artec Aqua-sjef Ingegjerd Eidsvik og Salmon Evolution-sjef Håkon André Berg.

30.06.2020
Artec Aqua har jobben med å prosjektere og bygge det gigantiske landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution ved Bud. Ingegjerd Eidsvik og Håkon André Berg er gjestar i siste utgave av podcasten Podium, der det mellom anna snakkar og framtida for landbasert oppdrett.
(trykk for å gå til ekstern spelar)
Korkje Eidsvik eller Berg trur det er snakk om eit enten eller om oppdrettsnæringa vil drive i sjøen eller på land i framtida. Produksjon på sjø og alnd vil lever sida om sida. Dei fryktar heller ikkje ei raskt etablering av landbaserte anlegg like ved dei store marknadane i utlandet.
At det er fraktkostnadar å spare på å drette opp laksen like ved dei dei store marknadane er, er ikkje nok, slik Eidsvik og Berg ser det.
- Vi er fort tilbake igjen til den kompetansen som trengst for å bygge og drive det her. Ja, det kjem nok til å bli ei utvikling i den retninga (landbaserte anlegg i utlandet, red.merk), men det er veldig naivt å tru at man kan kjøpe eit ferdig produkt, eit landbasert oppdrett og trykke på play-knappen og tru at det skal funke, seier Berg.
Eidsvik peikar og på at det er eit spørsmål om vasskvalitet, som gir anlegg i Noreg ein fordel. Anlegget Salmon Evolution er i gang med å bygge ligg rett ved sjøen, og tilgangen til store mengder friskt sjøvatn er ein av faktorane som gjer at anlegget blir bygd akkurat der.
- Det ikkje alle plassar i Noreg du kan legge eit landbasert oppdrettsanlegg heller, seier Eidsvik.
Etter å ha hausta erfaringar med eit par landbaserte anlegg i Noreg kan det vere grunnlag for å etabler anlegg også i utlandet, meiner ho.
- Du må bygge opp kompetansen på dette som selskap, i Noreg, seier Eidsvik.
(trykk for å gå til ekstern spelar)
Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord, frå NETT NO i samarbeid med ADVISO og Pir. Podcasten er eit annonseprodukt.
Kvar episode har to nye gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema, og sendinga er leia av Olav Sindre Kriken. I denne episoden er Ingvild Vartdal co-host. Podkasten er produsert av Jørgen Bakken og Jan Ivar Wolstad.

Tidlegare episodar:







Publisert: 30.06.2020 15:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59