Meiner Fjord1 styret er svekka
FJORD 1: Reuben Munger og Birthe Cecilie Lepsøe er nye styremedlemar i Fjord1.
Nytt

Meiner Fjord1-styret er svekka

Fredrik W. Mohn vil ha innsyn i avtalen mellom Sævik og det samarbeidande amerikanske fondet.

16.01.2020
opplyser at Fjord1-investor Fredrik W. Mohn krev innsyn i avtalen mellom Sævik-selskapet Havilafjord og det amerikanske fondet Vision Ridge Partners.
Under generalforsamlinga i Fjord1 tysdag, blei fondsdirektør Reuben Munger valt inn i Fjord1-styret saman med Birthe Cecilie Lepsøe.
Dei to erstattar nettopp Fredrik W. Mohn og Brita Eilertsen som trekte seg i protest frå styret etter at Havila kjøpte seg opp til å eige 66,5 prosent i transportselskapet, og samstundes opplyste at ein inngjekk strategisk partnerskap med Vision Ridge.

Strid om uavhengigheit

Mohn-kontrollerte Perestoika har vore nest største aksjonær i Fjord1, og under generalforsamlinga stilte Perestroika spørsmål ved uavhengigheita til Munger. Perestroika meinte at Munger ikkje var uavhengig ettersom Vision Ridge må sjåast på som konsolidert med dei Sævik-kontrollerte selskapa Havilafjord AS og Havila Holding AS.
Under avrøystinga var det 3,31 prosent av røystene som røysta imot valkomiteen sin innstilling, medan 10,47 prosent var blanke.
Fleirtalet på 86,22 prosent av røystene støtta valet på Lepsøe og Munger, som dermed vart valde inn i styret for 1,5 år.

- Styret er svekka

I ein epost til DN skriv Mohn-advokat Marianne Sahl Sveen i advokatfirmaet Arntzen de Besche at styret er svekka.
"Som minoritetsaksjonær er Perestroika bekymret over at uavhengigheten til styret er klart svekket, i en situasjon hvor hovedaksjonæren har strammet grepet og varslet sammenslåing med Kystruten. I en situasjon som dette burde uavhengigheten til styret blitt styrket, og ikke svekket til fordel for Havilafjord. Vi noterer at valgkomiteen mener at det valgte styremedlemmet fra Vision Ridge er uavhengig – dette fremstår som noe anstrengt i en situasjon hvor Havilafjord i børsmeldinger har sagt at de vil samarbeide strategisk med Vision Ridge rundt videreutviklingen av selskapet", skriv Sahl Sveen.
Ifølgje DN varslar dei no om at dei vil be om innsyn i avtalen som vart inngått mellom Sævik og det amerikanske fondet.
"Vi mener det er helt nødvendig at hovedaksjonæren i Fjord 1, som nå også har klart flertall også i styret, er transparent på bindingene til Vision Ridge. Vi har derfor i dag på vegne av Perestroika bedt om innsyn i avtalen med fondet", skriv Sahl Sveen i eposten.
I ein sms til NETT NO skriv styreleiar Vegard Sævik at han ikkje ønsker å kommentere saka, med unntak av at han registrerer synspunkta.

Publisert: 16.01.2020 14:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50