Meiner Finansdepartementet staar bak
KRITIKK: Paul-Harald Leinebø i Fiskebåt Vest håpar Stortingsfleirtalet skal hindre innføring av ein statleg kvotebank, slik regjeringa har gjort framlegg om.
Nytt

Meiner Finansdepartementet står bak

Det er Finansdepartementet som er drivkrafta bak framlegget om ein statleg kvotebank, meiner styreleiar Paul-Harald Leinebø i Fiskebåt Vest.

13.12.2019
Regjeringa har hausta mykje kritikk for framlegget om å opprette ein statleg kvotebank der staten dreg inn deler av fiskekvoten når fiskarane slår saman fleire kvotar på færre båtar. Kvotane kan leigast ut igjen.
Tidlegare i haust gjekk Norges Fiskarlag mot ordninga, og i dag fekk regjeringa meir kritikk då styreleiar Paul-Harald Leinebø held opningstalen på årsmøtet til Fiskebåt Vest.

Erstatte oljeinntekter

Framlegget om ein kvotebank er en del av eit framlegg om ei større endring av systemet for korleis fiskekvotar blir fordelt mellom ulike grupper fiskarar. Målet var forbetring og forenkling, men slik er det ikkje blitt, meiner Leinebø - og støttar ein vurdering frå tidlegare fiskeriminister Per Sandberg om at det er Finansdepartementet og jakta på nye skatteinntekter som skal erstatte oljeinntektene som ligg bak:
"Kva ligg bak at ei samla fiskerinæring dømer forslaga frå regjeringa til Stortinget nord og ned? Med lovendringsforslaga som er sendt ut for å følge opp meldinga har vakt enda sterkare reaksjoner. Slik eg og mange med meg ser det – er det fordi meldinga har blitt handlande om noko heilt anna enn det som var forespegla. Vi forventa forenkling, forbetring og stabilitet. Kom dette på plass, var vi falktisk også forberedt på at det kunne bli aktuelt for oss fiskarare å auke bidraget frå næringa.
Men meldinga leverer ikkje på målsetninga om forenkling og forbedring. Staten er iferd med å verte kvoteeigar, og på sikt kanskje den største.
Eg er svært bekymra over den usikkerheten dette kan skape.
Tilfeldig eller ikkje: Meldinga kjem meir eller mindre samtidig med forslag om ei omlegging av skattesystemet på oppdrett og el-krafta. Også desse har same mål - meir penger til staten.
Eg har ved eit tidlegare høve kalla tidlegare fiskeriminister Per Sandberg ei laus kanon på dekk. Men eg trur han hadde rett når han for ei tid tilbake sa at Finansdepartementet har bestilt desse endringane med eit formål:
«Å få erstatta veksten i statskassa med tapet frå dei høge oljeinntektene». Fagdepartementa er meir eller mindre stilt på sidelinja, meiner han.
Dette med at Havressurslova fastset at fiskeressursane er fellesskapets eller det norske folk sin eiendom blir brukt for det det er verdt.
Det kan av og til oppfattast som om tonna med kolmule, brosme, hyse, makrell og torsk har vore hyllevare ein enkelt kan hente ut gratis.
Men fiskebestandane var ingen ressurs før nokon begynte og hauste av dei. Det var fiskarane som gjorde det- ikkje resten av folket," sa Leinebø i talen.

Vil ha svar

Leinebø etterlyste i talen svar frå politikarar frå parti som har vedtak om å ikkje innføre ressursrentebeskatning om korleis dei stiller seg til regjeringa sitt framlegg. Ressursrentebeskatning er skatt på retten til å drive fiske.
Er politikarane no samde i at med «ekspertane» i at ressursane uansett blir best fordelt av Finansdepartementet, ville han vite - slik at fiskarane kan ta det med i vurderinga ved neste val.
Framlegget til nye reglar for korleis fiskekvotane skal fordelast skal etter planen opp i Stortinget første halvår neste år.
<i>Det kan av og til oppfattast som om tonna med kolmule, brosme, lange, sild makrell og torsk har vore hyllevare ein enkelt kan hente ut gratis</i>

Publisert: 13.12.2019 12:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47