Meieripensjonistar inn i Havyard
NY MEDEIGAR: Tinepensjonistane har blitt medeigar i Havyard-konsernet, der verftet i Leirvik i Sogn (biletet) er ein del av konsernet.
Nytt

Meieripensjonistar inn i Havyard

Meierikonsernet Tine si pensjonskasse, MP Pensjon PK, blir ny stor aksjonær i Havyard.

26.07.2016
MP Pensjon blir eigar av 7,62 prosent av aksjane i i Havyard. Det skjer fordi pensjonskassa stilte som garantist for at 18,6 millionar kroner av eit lån på 150 milionar kroner skulle bli gjort om til aksjar.
Transaksjonen skulle redusere gjelda til selskapet. Då tilbodet om å gjere om gjeld til aksjar gjekk ut viste det seg at berre ein mindre del av långivarane takka ja, og dermed måtte garantisten for transaksjonen ta resten.
I ei børsmelding i dag viste det seg at den garantisten var pensjonkassa til Tine.

Lette lånevilkår

Omgjeringa av lån til aksjar er ein del av ein plan for å lette lånevilkåra for Havyard.
Planen, som har fått støtte frå långivarane, går mellom anna ut på at attendebetalinga av obligasjonslånet blir utsett frå juni 2017 til desember 2018. I bytte får långivarane 1,5 prosentpoeng høgare rente. Det blir også restriksjonar på utbytteutbetaling i selskapet, samstundes som det blir letta på krav til arbeidskapital og bokført eigenkapital.

Med i Havila Shipping

MP Pensjon PK er også medeigar i Havila Shipping-obligasjonar, og var blant obligasjonseigarane som sto fram og kritiserte både framlegget til refinansiering og korleis Havila Shipping behandla obligasjonseigarane. (Havila Shipping forhandlar fram ein plan med bankane og la tidleg i 2016 planen fram for obligasjonseigarane, som måtte seie ja eller nei. For mange sa nei. Forhandlingane måtte starte på nytt, og pågår framleis).
Investeringsdirektør Nils Erling Ødegaard i MP Pensjon reagerer på at obligasjonseigarane ikkje vart tekne med på råd før refinansieringsplanen vart lagt fram, og kalla i Dagens Næringsliv refinansieringsplanen for "lite robust".

Publisert: 26.07.2016 09:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58