Meek aukar arbeidsstokken
FLEIRE FOLK: Bjørn Meek har tilsett fem ingeniørar og to i produksjonen så langt i  år. I tillegg er fire produksjonsarbeidarar innleigde. Arbeidsstokken i Bjørdal Industrier er no oppe i rundt 40 personar.
Nytt

Meek aukar arbeidsstokken

Bjørdal Industrier-sjef Bjørn Meek fekk meir å gjere enn han venta i fjor. Har tilsett fem ingeniørar i år.

20.07.2017
Så seint som i oktober i fjor låg Bjørdal Industrier i Ørsta an til driftsinntekter på 75 millionar kroner for 2016. Fasiten blei 88 millionar kroner, ein vekst på 40 prosent samanlikna med 2015.

Lønsemda gjekk også opp (sjå tabell). Eit godt år i ein oppadgåande marknad, og også godt med ordrar i første halvår, skriv styret i årsmeldinga for 2016.

Fiskeri- og oppdrett

Selskapet konkurrerer mellom andre med Optimar Stette og MMC/First Procss, og sto til dømes for bygginga av fabrikken ombord på den ny fabrikktrålaren "Ramoen".
Så langt i 2017 ligg selskapet an til driftsinntekter og lønsemd på line med 2016, seier Meek.
Meek kjøpte ut kompanjongen Elling Bjørdal i fjor. I vår vart Jan Sigve Søvik ny medeigar. Meek/Søvik eig Bjørdal Industrier 59,5/40,5 prosent gjennom PE Bjørdal as.

Investere 15 millionar

Utstyr til fisker- og havbruk er det som tel for Bjørdal Industrier.
Selskapet har utvida kontorkapasiteten og er i ferd med å få opp ein ny fabrikkhall. Til saman er det snakk om ei investering på 15 millionar kroner, anslår Meek.
Meir å gjere betyr også fleire folk. Meek har tilsett fem nye ingeniørar så langtr i år. I produksjonen er det to nye, pluss fire innleigde. I tillegg reknar han med å tilsette ein til to personar til i administrasjonen.

Publisert: 20.07.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12