Medvind for Stad selskap
LEIKANGER: Stor omsetningsvekst for Nils-Per og Kurt Sjåstad i Stadpipe.
Nytt

Medvind for Stad-selskap

Stadpipe på Stadlandet veks kraftig. I fjor passerte omsetninga 89 millionar kroner.

16.07.2018
22 - 32- 34 - 61 - 89. Dette er omsetningstala dei siste åra for selskapet som har hovudbasen på Leikanger på Stadlandet.
I fjor vart det også eit godt resultat før skatt. Resultatet enda på 6,6 millionar kroner, opp frå 3,9 millionar kroner året før.

Fire brør

Men brørne Kurt og Nils-Per Sjåstad bak Stadpipe,tok likevel ikkje ut utbyte, men pløygde overskotet tilbake til bedrifta.
Medan Nils-Per er dagleg leiar, er Kurt produksjonssjef og innkjøpssjef. Totalt er det fire Sjåstad-brør som arbeider i bedrifta, der det no er 37 tilsette.
Brørne starta selskapet som rørleggarar i 1995, men no har bedrifta utvikla seg til å verte av landets fremste på avanserte rørsystem.

Rekordkontrakt

Selskapet har spesialisert seg på produksjon av rørdeler og spesialdeler i plast, både til fiskeri, oppdrett og industri.
I fjor vår fekk selskapet også sin hittil største kontrakt.
Dette gjeld Lerøy sitt nye smoltanlegg ved Kjærelva i Fitjar, eit anlegg som vert rekna som verdas største.
- For oss betyr dette at vår ordrereserve fram til sommaren 2019 nærmer seg 100 millionar, uttalte då dagleg leiar Nils-Per Sjåstad.

Stadpipe har ei langsiktig gjeld på 6.6 millionar kroner.

Publisert: 16.07.2018 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24