Dette konkluderte forskingsleiar Gaute Knutstad ved Sintef under Industriens yrkesfagkonferanse i Ulsteinvik.
- Vi som menneske er mest fleksible. Vi er mest omstillingsdyktige, vi er dei beste til å forstå den totale kompleksiteten, og vi har evne til kontinuerleg læring og innovasjon.
Men på svært mange område meinte han at robotane etter kvart ville overta, eller i alle fall utgjere ein vesentleg del av arbeidsprosessane.
- Vi ser det innanfor bilindustrien, vi har varehus som i stor grad er styrte av robotar, vi har det på sjukehus, og det er til og med snakk om å bruke robotar i modellyrket.
- Kva skjer når robotane kjem ut av bura? Det vil skje.
Knutstad meinte at ein ikkje burde vere engsteleg for den auka robotiseringa.
- Her vil det skje masse spennande i samarbeid mellom robotar, men også i samspelet mellom menneske og robotar.
- Mange vil etter kvart få ein robot som arbeidskollega.
- Vi får også stadig fleire sensorar og radiobrikker som kjem inn i produkta. Vi står i praksis overfor ein ny industriell revolusjon, den fjerde.
- Kompetansen vert annaleis, men det vert også stilt nye krav.
- Vi vil få ressursknappheit på energi, mat og vatn, men også på enkelte metall. Trykket for å ta globalt ansvar vil auke, og bedriftsleiarane vil få hyppigare spørsmål om kva bedrifta gjer for miljøet.
- Det vert mykje meir masseproduksjon, men på same måten som vi ser det i bilindustrien.
- Der er nesten ingen bilar like, sjølv om dei er masseproduserte. Alt etter kunden sine ønskje, vert bilen fylt med unikt utstyr.
- Slik vil vi få det mange stader i næringslivet.
- Det vert større kamp om dei kloke hovuda. Det er viktig for industrien å vere sexy nok.
Han etterlyste også meir utdanning innretta mot automatisering og robotisering.
- Vi måtte til Sverige for å finne spesialistane. Dei kunne ingen ting om båtar og skipsverft, men dei kunne robotar og robotifisering.
- Vi som menneske er mest fleksible. Vi er mest omstillingsdyktige, vi er dei beste til å forstå den totale kompleksiteten, og vi har evne til kontinuerleg læring og innovasjon.
Men på svært mange område meinte han at robotane etter kvart ville overta, eller i alle fall utgjere ein vesentleg del av arbeidsprosessane.
- Vi ser det innanfor bilindustrien, vi har varehus som i stor grad er styrte av robotar, vi har det på sjukehus, og det er til og med snakk om å bruke robotar i modellyrket.
Spennande samspel
I dag står dei fleste robotar i bur, og vert styrte av menneske.- Kva skjer når robotane kjem ut av bura? Det vil skje.
Knutstad meinte at ein ikkje burde vere engsteleg for den auka robotiseringa.
- Her vil det skje masse spennande i samarbeid mellom robotar, men også i samspelet mellom menneske og robotar.
- Mange vil etter kvart få ein robot som arbeidskollega.
Ny industriell revolusjon
Han viste også til at mange etter kvart vil få masse informasjon lagra i hjelmen, eller i spesielle arbeidsbriller.- Vi får også stadig fleire sensorar og radiobrikker som kjem inn i produkta. Vi står i praksis overfor ein ny industriell revolusjon, den fjerde.
Miljøfokus
Endringa ville gi store utfordringar for dagens arbeidarar, men også store mulegheiter. Men uansett meinte han at det var ein ny type arbeidar som i åra framover ville kome inn i arbeidsmarknaden.- Kompetansen vert annaleis, men det vert også stilt nye krav.
- Vi vil få ressursknappheit på energi, mat og vatn, men også på enkelte metall. Trykket for å ta globalt ansvar vil auke, og bedriftsleiarane vil få hyppigare spørsmål om kva bedrifta gjer for miljøet.
Masseprodusert skreddarsaum
Han meinte at norske bedrifter måtte tilpasse seg til ei tid for det han kalla masseprodusert skreddarsaum.- Det vert mykje meir masseproduksjon, men på same måten som vi ser det i bilindustrien.
- Der er nesten ingen bilar like, sjølv om dei er masseproduserte. Alt etter kunden sine ønskje, vert bilen fylt med unikt utstyr.
- Slik vil vi få det mange stader i næringslivet.
Større kamp om hovuda
Han meinte at vinnarane var dei bedriftene som klarde å utnytte mulegheitene som ligg i dei teknologiske nyvinningane, men som samstundes klarde å tiltrekkje seg dei beste folka.- Det vert større kamp om dei kloke hovuda. Det er viktig for industrien å vere sexy nok.
Han etterlyste også meir utdanning innretta mot automatisering og robotisering.
Måtte til Sverige
Kleven er det av verfta som har kome lengst med automatisering og robotisering. HR-direktør Kathrine Holstad opplyste på konferansen at ein ikkje fann norsk kompetanse på området då verftet skulle gjere denne satsinga.- Vi måtte til Sverige for å finne spesialistane. Dei kunne ingen ting om båtar og skipsverft, men dei kunne robotar og robotifisering.
Vi står i praksis overfor ein ny industriell revolusjon, den fjerde
Publisert: 14.10.2015 11:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48