Matpris til Myklebust
MERKE: Ole Mindor Myklebust i Myklebust Hvalprodukter for Matmerks Spesialitetmerke frå Nina Sundqvist i Matmerk under Sjømat Norges årskonferanse. 
Nytt

Matpris til Myklebust

Får Spesialitetmerket for kvalkjøt-produkt.

23.03.2018
Under Sjømat Norges årskonferansen i Ålesund denne fekk Ole Mindor Myklebust i Myklebust Hvalprodukter overrekt merket for spesialitet-produkt frå stiftinga Matmerk, som arbeider for å fremje norske matprodukt.
Det er det andre Spesialitet-merket Myklebust Hvalprodukter får for sine kvalkjøt-produkt.
I 2016 fekk selskapet Spesialitet-merket for sitt røykte kvalkjøt, no får dei også merket for sitt mørna kvalkjøt.
Myklebust Hvalprodukter fangar kval med kvalfangsstkuta "Kato" og driv produktutvikling og marknadsføring i eigen regi, med produkt som er ferdig bearbeidd til forbrukar.
Matmerk sitt spesialistmerke går til selskap som utmerkar seg med ei spesiell råvare, ein spesiell bearbeidingsproisess og i tillegg har ei historie å fortelle rundt produktet.
Merket blir delt ut for tre år i gangen, og blir eventuelt fornya etter ei revurdering av produktet.

Publisert: 23.03.2018 10:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19