Massive protestar mot ferjeauke og skulekutt
Ferjeaksjonistane planlegg ein demonstrasjon måndag, dagen før fylkestinget skal ta stilling til saka i sitt møte. Mellom anna samferdselsminister og volding Jon Georg Dale (innfelt) deltek i diskusjonen på Facebook-gruppa «Protest mot økte ferjetakster».
Nytt

Massive protestar mot ferjeauke og skulekutt

Protestane strøymar inn og no svarar samferdsleministeren ferjeaksjonistane på Facebook.

Marius Rosbach
06.12.2019
Etter at fylkesutvalet hadde økonomien i Møre og Romsdal til behandling i slutten av førre månad har protestane mot forslaga auka i styrke. I første rekke er det motstanden mot auka betalinga på ferjene som har vind i segla, saman med kutt ved yrkeslinjene ved vidaregåande skule.

Peiker på fylkespolitikarane

Motstanden mot auka ferjetakstar har fått samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) til å kommentere saka i den stadig veksande Facebook-gruppa .
Dei som håpar at regjeringa vil gå inn for at staten dekker meir av kostnadane med å innføre meir miljøvennlege ferjer, vil truleg ikkje få auka det håpet ut frå kommentarane til statsråden.
Dale påpeiker at fylkesferjene er fylkeskommunen sitt ansvar, og skriv at det er gitt auka midlar for å dekke dette. I staden rettar han skytset tilbake mot fleirtalspartia i fylket og viser til at Kristin Sørheim (Sp) foreslo gratis ferjer til alle i valkampen.
– Sidan den gong er ingenting endra i finansieringa av ferjene frå statens og mi side, skriv han og meiner at fleirtalspartia har gitt eit løfte som dei framleis kan gjennomføre – om dei meiner det er realistisk.

Fleirtalet håpar på draghjelp

Også Frank Sve (Frp) er mellom dei som har kasta seg inn i diskusjonen. Han
Møre og Romsdal Høgre har gått inn for mindre auke i ferjebetaling og mindre kutt i skuletilbodet - men nedlegging av enkelte skular. Også deira synspunkt blir fredag heftig diskutert i gruppa.
Ap, Sp, SV, MDG, KrF og Venstre har gått inn for ei auke i ferjetakstane. Men dei . So langt har det ikkje kome konkrete signal som tyder på at dei får oppfylt sitt ønske.

Les meir:


Sve:



Skulekutt: – Omfattande konsekvensar

Forslaget som no ligg på bordet frå fleirtalspartia – om å legge ned yrkeslinjer ved Ulstein, Ålesund, Kristiansund og Fræna har også møtt massive protestar.
Maritim Forening for søre Sunnmøre (Mafoss) og Maritimt Forum Nordvest er mellom dei som har uttrykt sterk bekymring kring kutta ved Ulstein vidaregåande.
– TAF-tilbodet kan ikkje avviklast utan at det får omfattande konsekvensar, skriv dei to organisasjonane.
Dei peiker mellom anna på at ordninga har fungert godt når det gjeld å få jenter ut i industrien, at industrien har spesielt behov for denne ordninga i ei tid med stor omstilling og at ei nedlegging vil svekke realfagkompetansen ved skulen vesentleg.

Refsar fylkesutdanningssjefen

Næringslivsorganisasjonane går også i rette med fylkesutdanningssjefen som har uttalt at mange TAF-elevar ikkje nytter fagbrevet sitt.
– Dette er direkte feil, og vi er svært skuffa over ei slik uttale, påpeiker dei og viser til tilbakemeldingar frå medlemar som meiner utdanninga gir unik kompetanse som er sentral for mange ledd i bedriftene.
Organisasjonane saknar ein større vilje til å vurdere meir effektiv drift i fylkeskommunen. Dei ventar at det blir sett på modellar for reduksjon av kostnadar på dette område – før ein legg ned skuletilboda.

Les meir:




Tidlegare TAF-elev:





Publisert: 06.12.2019 09:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47