Markerer fem aar med plussresultat
FEM NYE ÅR: Silje Gjerde er eigar, dagleg leiar og styreleiar i Kitch’n-butikken i Ulsteinvik og har nyleg gått inn i ny leigeavtale på fem år med Amfi-senteret.
Nytt

Markerer fem år med plussresultat

Silje Gjerde driv no den einaste lokalt eigde Kitch’n-butikken på Sunnmøre og trur ho har knekt noko av koden ved å drive butikk på ein liten stad. No satsar ho på fem nye år.

Marius Rosbach
14.07.2019
– Vi må tenkje krone for krone, for å nå målet. Om ein gjer det, får ein betre flyt og det vert kjekkare på jobben, fortel Silje Gjerde ved Kitch’n ved Amf i Ulsteinvik.
– Men det er klart at overskott er viktig, så ein kan ikkje stoppe opp og kvile om målet er nådd, påpeiker ho.
Som franchisetakar har ho budsjett frå kjeda som dei skal nå for året.
– Ut frå det får vi eit dagsbudsjett som gjer at vi kan ha kontroll. Om det går dårleg ei tid, tek eg ut tala og legg dei her på sida av disken. Då får vi som er på jobb ein liten «push» til å selje litt til, om det til dømes manglar nokre hundrelappar.

Går for fem nye år

I fire av fem år har Gjerde levert driftsresultat i pluss i selskapet som heiter Kjøkkendrift No 1 Ulsteinvik .
– På ein liten plass må ein bane vegen sjølv og alle kundar som er innom utgjer ein 50 prosents sjanse for sal, seier ho entusiastisk.
28. august har ho hatt kjøkkenutstyrsbutikken i fem år og ho trivast godt. Nyleg gjekk ho inn på ein ny femårsavtale med kjøpesenteret.
– Det er verkeleg verdt arbeidet og eg blir her så lenge publikum, Ulsteinvik og Amfi vil ha meg her, seier ho.

Tøff start på 2019

Starten på 2019 vart tøff og Gjerde starta å tvile. Ho meiner det var «treårskrisa» som kom to år på etterskott.

– Den smellen ein gjerne høyrer mange får på år tre, fekk vi no i år. Det var vanskeleg å nå budsjetta tidlegere i år, men i mai og juni fekk vi ei kjempeauke som gjorde at vi no ligg vi godt an, fortel ho.
Etter at kjeda tok over drifta av Kitch’n-butikken i Ørsta, er Gjerde sin butikk den einaste i kjeda på Sunnmøre som er eigd lokalt – men også Nordfjord-butikken driftast som franchisebutikk.
Av dei kring 150 Kitch’n-butikkane totalt er kring 65 franchise-forretningar.
Samstundes som kjøkkenutstyrsbutikkar har opplevd fleire større konkursar med Rafens og Til Bords, har Kitch’n heldt fram å vekse. Eigarane kjøpte også buet og jobbar med å skape lønnsam drift i den kjeda.

Les også:



Analyse:


Ikkje åleine

Gjerde er sjølv eigar, dagleg leiar og styreleiar, men ho er ikkje åleine. Sjølv om ho saknar sin tidlegare , roser ho kjedeleiinga sentralt for korleis dei stiller opp.
– Samstundes som eg har lært meir sjølv, er dei flinke på hovudkontoret til å gi gode råd om kva vi kan gjere, fortel ho.
Også faren Palmar Gjerde, som er kjend i forretningslivet lokalt, har vore ein ressursperson.
– Han er ein klok mann som har drive business i alle år, og som eg kan ringe til om eg vert frustrert. Då ber han meg ta det med ro og minner meg på at det enno er tidleg, seier ho.

Overskott i fjor

Etter raude tal på botnlinja i 2017, er Gjerde nøgd med butikkselskapet fekk eit overskott i fjor (sjå tabell oppe til høgre – under om du les på mobil).
– Eg vart litt irritert då vi ikkje klarte budsjettet i 2017, fordi det var så nære. I 2018 greidde vi det godt. Sjølv om det såg mørkt ut ei stund, gjekk vi 50.000 over, noko eg er veldig nøgd med.
Butikken har fire fast tilsette, i tillegg til at dei tek inn tidlegare tilsette i samband med ferieavvikling og behov.

Ørsta og Nordfjord

Kitch’n i Ørsta er teke over av kjeda sentralt, og det er tilsett ein dagleg leiar. Rekneskapen frå Ørsta-butikken for i fjor viser auka omsetning, og eit overskott før skatt på drygt 300.000. Ifølgje årsberetninga hadde selskapet betydeleg med kontantinnskott og det vart teke utbytte på nær 1,2 millionar. Samstundes hadde selskapet ved utløpet av 2018 gjeld på 3,2 millionar.
På Nordfjoreid har butikkdrifta gått med små underskott dei siste åra, etter at dei tidlegare har levert solide resultat.

Les også:



På ein liten plass må ein bane vegen sjølv og alle kundar som er innom utgjer ein 50 prosents sjanse for sal

Publisert: 14.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37