Maritime Partner fekk nytt storoppdrag
KONTRAKT: Espen Larsen-Hakkebo og Brim Explorer skal byggje endå ein katamaran ved Maritime Partner i Ålesund. 
Nytt

Maritime Partner fekk nytt storoppdrag

- Vi er strålande fornøgd med arbeidet Ålesund-selskapet har gjort på båt nummer ein.

14.05.2019
Det seier Espen Larsen-Hakkebo i Brim Explorer.
Selskapet skal no byggje båt nummer to, og Larsen-Hakkebo stadfestar til NETT NO at det vert Ålesund-selskapet som også skal byggje den andre miljøvenlege katamaranen for selskapet.
Båt nummer ein, Brim, skal leverasst frå Ålesund 1. august, og går deretter til Lofoten for å døypast.
- Dei tilsette ved Martime Partner har stått skikkeleg på for å få denne første båten ferdig.
- Vi er glade for at dei også har kapasitet til å byggje båt nummer to for oss.

Samarbeid med Hurtigruten

Kontrakten kjem etter at Brim Explorer og Hurtigruten har inngått ein omfattande samarbeidskontrakt.
- Brim og Hurtigruten fann kvarandre gjennom vår felles lidenskap for havet. Deira visjon om å endre måten folk får oppleve Arktis på er den perfekte match med Hurtigrutens ambisjonar for eit grønare og meir berekraftig reiseliv, seier Hurtigrutens konsernsjef Daniel Skjeldam, i ei pressemelding.
Katamaranene får store batteripakkar, grøn teknologi og er spesialbygde for å utforske polare farvatn. Skipa kan operere på batteri i 10 timar i 10 knop.

Svalbard

Avtalen med Hurtigruten har ei varigheit på minst fem år, og gjer at Brim skal spesialbyggje ein katamaran som skal drivast som ein del av Hurtigruten Svalbard med norsk mannskap og norsk flagg.
Katamaranen Bard skal setjast i drift frå våren 2020 og skal segle dagsturar til stader som Barentsburg, Pyramiden og ha Longyearbyen som base.
Lengda på Bard vert 24 meter, breidda 11 meter og om bord skal det vere plass til 140 gjestar.
Utandørs skal det vere sitjeplassar til 80 gjestar.
Båten skal utstyrast med Blueeye undervassdrone og undervassmikrofonar.

Hareide-design

Som med Brim er det som står for designet av Bard.
- Vi er godt fornøgd med samarbeide med Einar Hareide. Han er vår designar, seier Larsen-Hakkebo.
Han seier at planen er å byggje fleire skip.
- Men før vi går vidare skal vi gjere oss erfaringar med korleis Brim og Bram fungerer i sjøen.
Skroga til skipa skal byggjast i Swinoujscie i Polen.
Dei tilsette ved Martime Partner har stått skikkeleg på for å få denne første båten ferdig

Publisert: 14.05.2019 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35