Maritim Food tilsette fekk gladmelding
FÅR HALDE FRAM: Fiskematfabrikken i Gjerdsvika (bilde) er ein del av Insula-konsernet. Anlegget mista tidlegare i år oppdraget med å levere fiskemat til Norgesgruppen.
Nytt

Maritim Food-tilsette fekk gladmelding

Skal halde fram med hermetikk ved Gjerdsvika-bedrifta.

Marius Rosbach
02.07.2019
Dagleg leiar Jan Brevik i Maritim Food kunne tidleg tysdag sende ut pressemeldinga som stadfesta at produksjonen av hermetikk framleis skal helde fram ved fiskematfabrikken i Gjerdsvika.
– Selskapet sine tilsette har vist ei imponerande haldning til omstilling og tilpassing til verksemda sin «nye kvardag», skriv Brevik i pressemeldinga.
Framtida til heile Maritim Food-avdelinga har vore uviss etter at dei Brevik at det kom gode nyheiter denne veka.

Hermetikk stod for ein tredel

Bedrifta hadde kring 30 heiltidstilsette og fleire som jobba deltid. Eit .
Drifta ved Maritim Food har vore om lag to tredelar fiskematproduksjon – som no er lagt ned, og ein tre del hermetikk. Når fabrikken held fram med hermetikk, vil det likevel vere behov for ei gradvis redusering av tilsette, ifølgje pressemeldinga tysdag.
Tidlegare i sommar opplyste Brevik at ni tilsette vert med vidare.
No skal dei helde fram jakta på nye produksjonsvolum, for å styrke grunnlaget for drift framover.

For dominerande

I mars vart detmed Norgesgruppen.
Bakgrunnen var at Norgesgruppen, med daglegvarekjedene Meny, Spar, Kiwi og Joker, ville ha konkurranse blant leverandørane. Dei vel heller å kjøpe fiskemat frå Lerøy Seafood Group sitt anlegg i Stamsund i Lofoten framfor å få den levert frå Gjerdsvika.
Brevik har erkjent at det ikkje har vore heldig for Gjerdsvik-bedrifta å verte ein del av Insula.
- Nei, ikkje slik dette vart, sa han til .
Det har vore frykta at all produksjon vart lagt ned frå årsskiftet. I mai for å drøfte krisa for anlegget i Gjerdsvika.


Publisert: 02.07.2019 10:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36